Saraqib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saraqib
سراقب, Saraqeb
by
Land  Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Idlib
Nahiyah Saraqib
Høgd 370 moh.
Koordinatar 35°51′49″N 36°48′2″E
Folketal 32 495  (2004)
Kart
Saraqib
35°51′52″ N 36°48′21″ E
Wikimedia Commons: Saraqib

Saraqib (arabisk سراقب, òg skrive Saraqeb) er ein by nordvest i Syria, som administrativt høyrer til Idlib guvernement, aust for Idlib. Han ligg 370 meter over havet. Den antikke staden Ebla ligg fem kilometer sør for byen.[1] Av stader i nærleiken finn ein Mardikh og Maar Dibsah i sør, Trunbah og al-Nayrab i vest, Sarmin i nordvest, Taftanaz i nord, Talhiyah i nordaust, Tell Touqan i aust og Kafr Amim i søraust.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Saraqib eit folketal på 32 495 i 2004. Han er det administrative senteret og den største staden i Saraqib nahiyah («underdistrikt») som består av 24 stader med eit samla folketal på 88 076 i 2004.[2] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit stort samfunn av nawarar slo seg ned i Saraqib i Den osmanske tida.[4] I lag med Khan Shaykhun og Ma'arat al-Numan var Saraqib kjend for dei fine broderia på svarte bomullsklede.[5]

Syrisk opprør[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Saraqib deltok i den syriske borgarkrigen mot styret til Bashar al-Assad sidan minst april 2011.[6] I følgje Syrisk observatorium for menneskerettar arresterte syriske tryggingsstyrkar over 200 menneske, som ein trudde var aktivistar mot regjeringa, etter at dei inntok byen den 11. august 2011.[7] Slaget ved Saraqib fann stad 24.-27. mars 2012, då styresmaktene fekk kontroll over byen igjen. Minst 25 personar mista livet gi bombinga som følgde.[8] Den 2. november 2012 var byen kontrollert av Den frie syriske armeen igjen. Staden er viktig som eit strategisk punkt på vegen mellom Aleppo og Damaskus og mellom Aleppo og Latakia.[9]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den lokale fotballklubben vert kalla Saraqeb Sporting Club, grunnlagd i 1980. Klubben spelar i syrisk andredivisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gockel and Bruns, s. 87.
  2. Folketeljing 2004 Arkivert 2013-03-13 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  3. Oweis, Khaled Yacoub. Syrian opposition won't talk to officials linked to crackdown Arkivert 2013-02-19 ved Wayback Machine.. Reuters. 2013-02-15.
  4. Berland, s. 73.
  5. Shoup 2008, s. 96.
  6. Filiu, s. 169.
  7. Tensions ripple in Syria as U.S., Turkey address crisis Arkivert 2012-03-20 ved Wayback Machine.. CNN. 2011-08-11.
  8. In Rebel Syria: Celebrating Assad’s Departure–Even Though He’s Still Staying. TIME. 2012-07-20.
  9. Syrisk observatorium for menneskerettar 2 November 2012