Sauland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sauland
bygd
Sauland kirke TRS.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Hjartdal
Postnummer 3692 SAULAND
Innbyggjarnamn saulending
Preposisjon i Sauland
Wikimedia Commons: Sauland

Sauland er ei bygd og administrasjonssenteret i Hjartdal kommune i Telemark.

Bygda ligg i dalføret til Hjartdøla vest for Notodden. Her er det jord- og skogbruk, i tillegg til litt småindustri. Frå Sauland går fylkesveg mot nordvest til Tuddal og vidare forbi Gausta til Rjukan.

Europaveg 134 (Drammen–Haugesund) går gjennom Sauland og Hjartdal mot vest. Ved vegen står Sauland kyrkje, ei krosskyrkje frå 1863.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]