Saurås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saurås
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 504  (2023)
Postnummer 5131 NYBORG
Preposisjon Saurås
Gardnummer 190

Saurås er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 504 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Saurås ligg sentralt i Åsane, i området som også vert kalla Midtbygda i Åsane.

Folketalet på området til garden Saurås har vore aukande sidan 1920-talet, med kraftig auke etter Den andre verdskrigen. Den nye busetjinga kom stort sett i den austlege enden av området, der hovudvegen gjennom Åsane går. Då motorvegen kom her i siste del av 1980-åra, måtte det rivast ein del hus i motorvegtraseen. Busetjinga er stort sett einebustader, med nokon rekkjehus.

Tekst på steinen: Kyrkjelydane i Åsane reiste denne steinen til minne om dei russiske soldatar som miste livet i krigsfangeskap på norsk jord 1941-1945 i striden for sams fridom
Foto: Tor-Egil Farestveit

På området til Saurås ligg Åsane gamle kyrkje. Under andre verdskrigen bygdee tyskarane ein leir for sovjetiske krigsfangar her. Ved kyrkja står ein minnestein etter 27 sovjetiske krigsfangar som er gravlagde her.

På eitt av bruka på garden var det framleis sauedrift i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 201-209

Fotnotar