Schirmacheroasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schirmacheroasen
platå
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 70°45′S 11°39′E
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Schirmacheroasen
70°45′0″ S 11°40′0″ E
Schirmacheroasen is located in Antarktis
Schirmacheroasen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Schirmacher Oasis

Schirmacheroasen er eit 25 km langt og opp til 3 km breitt isfritt platå med meir enn 100 ferskvatn. Han ligg i VassfjelletPrinsesse Astrid Kyst i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis, og ligg i snitt 100 meter over havet. Med eit areal på 34 km² er Schirmacheroasen ein av dei minste antarktiske oasane og er ein typisk polar ørken.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Oasen ligg mellom kanten av det antarktiske isdekket og Novolazarevskajaisen. Det kring 100 meter høge platået er ein barrière for den nordoverflytande isstraumen i området. Langs nordkanten av oasen ligg såkalla fjordsjøar, som er skild frå havet, men som er knytte til havet under isoverflata. Ein kan derfor sjå tidvasseffektar i innsjøen. Fjordsjøane vere ferske eller salte med ferskvatn over. Den antarktiske innlandsisen sør for Schirmacheroasen har ei høgd på 1500 meter over havet. Nunatakane Skaly Instituta Geologii Arktiki (Skaly IGA) og Basisny-Kit stikk opp av isedekket. Mellom isbremmen ute i sjøen og Wegenerisen ligg Wohlthatmassivet.

Den høgaste delen av Schirmacheroasen er Rebristajahøgda med ei høgd på 228 moh. Med ei djupne på 34,5 m er Glubokoevatnet) det djupaste vatnet i oasen. Den største innsjøen i området er Subvatnet på 0,5 km².

Det finst fleire teoriar om korleis oasen oppstod, mellom anna på grunn av jordvarme, intens solinnstråling, eller hypotesen om at isstraumen er blokkert av geologiske faktorar som eit fjell.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Schirmacheroasen er relativt mildt til å vere i Antarktis. Den årlege middeltemperaturen er -10,4 ºC (sommaren 0,9 C til vinteren -22 ºC,[1] middelvindstyrken er 9,7 m/s, årsmiddelnedbøren er 264,5 mm, og området har 350 soltimar per månad. På grunn av den positive strålingbalansen er Schirmacheroasen regionalt klassifisert som ein 'kystklimasone'.[2]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Det steinete jordsmonnet i oasen gjer at berre hardføre planter som mosar og lav. Dyrelivet er òg sjeldan i oasen. Unntaket er sørjoar, antarktispetrell, snøpetrell og wilsonstromsvale. Stundom kan ein òg sjå adéliepingvinar i oasen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I starten av 1939 sette Tyskland i gang ein ekspedisjon leia av kaptein Alfred Ritscher for å utforske eit ukartlagt område av Antarktis. Dei kartla eit område mellom 69°10’ S og 76°30’ S og 11°30 W og 20°00’ E, i alt 600 000 km² og kalla det Neuschwabenland. Området vart kartlagt ved hjelp av to sjøfly frå Dornier Flugzeugwerke kalla Boreas og Passat. Det eine vart flydd av Richardheinrich Schirmacher som den 3. februar 1939 oppdaga oasen og vatnet i midten. Schirmacher kalla begge opp etter seg sjølv.

Novolazarevskaya-stasjonen[endre | endre wikiteksten]

Den 10. mars 1959 sette Sovjetunionen opp ein forskingsstasjon, Lazarev på isbremmen nær Schirmacheroasen. Stasjonen vart bygd opp på ny i 1961 i oasen og fekk namnet Novolazarevskaya. Om sommaren er opp til 70 mann ved stasjonen, om vinteren 30 forskarar og teknikarar. Det vert her forska på geodesi, glasiologi, limnologi, geomagnetisme, geologi, biologi, meteorologi, seismologi og andre område. Den 20. desember 2007 vart eit russisk bad sett opp ved stasjonen. Det er den einaste samanlimte tømmerbygningen i Antarktis.

Georg Forster-stasjonen[endre | endre wikiteksten]

Den 21. april 1976 vart den første tyske forskingsstasjonen - Georg Forster-stasjonen, bygd i Antarktis, kring to kilometer frå den russiske stasjonen. I 1987 vart stasjonen, som vart driven av DDR, kalla opp etter den tyske naturalisten Georg Forster. Dei 17 åra denne var i drift arbeidde meir enn 100 forskarar på stasjonen. Særleg fekk ozonmålingane tekne her internasjonal merksemd. Stasjonen vart stengd i februar 1993 og fjerna i 1996.

Etter at Sovjetunionen fall vart delar av Schirmacheroasen rekna som ein av dei mest forureina områda i Antarktis. Polarforskarar frå Alfred Wegener Institute for Polar and Marine Research i Bremerhaven og frå Arctic and Antarctic Research Institute i Saint Petersburg fjerna 1016 tonn skrapmetall og avfall frå den tidlegare austtyske og den russiske stasjonen.

Staden der den tidlegare stasjonen låg er markert av ein bronseplakett. Det har status som ein historisk stad (HSM 87).[3]

Maitri-stasjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1981 sette India i gang antarktisforskinga si. I 1983 vart Dakshin Gangotri-stasjonen sett opp på isbremmen kring 90 km frå Schirmacheroasen, men vart nedlagt i 1989 på grunn av mykje snø i området. I 1988 vart Maitri-stasjonen sett opp i Schirmacheroasen, kring 5 km frå Novolazarevskaya. Maitri er utstyrt med ein vêrstasjon, i tillegg til eit geomagnetisk og seismologisk observatorium, og har husrom for 26 forskarar og teknikarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Handbook of Antarctic Climate
  2. Richter, W., Bormann, P. : Weather and climate. The Schirmacher Oasis, Queen Maud Land, East Antarctica, and its Surroundings. Gotha 1995.
  3. «List of Historic Sites and Monuments approved by the ATCM (2013)» (PDF). Antarctic Treaty Secretariat. 2013. Henta 8. januar 2014.