Sedirøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 36°59′35″N 28°12′22″E

Sedirøya
øy
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia

Sedirøya
36°59′35″ N 28°12′22″ E
Wikimedia Commons: Sedir Island

Sedirøya (tyrkisk Sedir Adası), òg kjend som Kleopatraøya, er ei lita øy i Gökovabukta sørvest i Egearhavet utanfor kysten av Ula, ein del av provinsen Muğla i Tyrkia. Strendene på øya består utelukkande av skjel, og det vert sagt at denne organiske sanden vart ført med skip frå Raudehavet for Kleopatra. Kvart sandkorn er nær perfekt kuleforma og på grunn av dette er stranda under kraftig vern av styresmaktene for å hindre at det vert fjerna sand frå stranda. I følgje segna symde Kleopatra og Antonius her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]