Provinsen Muğla
Utsjånad
| Muğla | |||
| Muğla ili | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Egearregionen | ||
| Hovudstad | Muğla | ||
| Areal | 13 338 km² | ||
| Folketal | 817 503 (2010) | ||
| Folketettleik | 61 / km² | ||
| Bilnummer | 48 | ||
| Retningsnummer | 252 | ||
![]() Provinsen Muğla 37°01′49″N 28°30′23″E / 37.030277777778°N 28.506388888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Muğla Province | |||
Provinsen Muğla (tyrkisk Muğla ili) er ein provins i Tyrkia, heilt sørvest i landet ved kysten av Egearhavet. Setet i provinsen er Muğla, kring 20 km frå kysten, medan somme av dei største feriebyane i Tyrkia, som Bodrum, Ölüdeniz, Marmaris og Fethiye, ligg ved kysten av Muğla.
Med ei kystlinje på 1100 km er kysten til Muğla den lengste av alle provinsane i Tyrkia, og lengre enn mange andre land sine kystlinjern. Dette kjem av mange viker og halvøyar.
Hovudnæringane i Muğla er turisme ved kysten, jordbruk, skogbruk og marmorbryting.

Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Provinsen Muğla er delt inn i 12 distrikt (hovuddistriktet er utheva):
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Muğla Province» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.
