Seebeckeffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Seebeckeffekt er ein termoelektrisk effekt som går ut på at dersom to eller fleire elektriske leiarar av ulike materialar blir kopla saman slik at dei dannar ein slutta krins, og koplingspunkta blir halde på ulike temperaturar, vil det gå ein straum i krinsen. Den viktigaste årsaka til straumen er at det oppstår elektriske potensialsprang i kontaktområda. Desse kontaktpotensiala avheng av temperaturen. I krinsen oppstår det då ei elektromotorisk spenning, seebeckspenninga, som er lik summen av alle kontaktpotensiala (rekna med forteikn når ein følgjer ei bestemd retning rundt krinsen). Denne summen er lik null viss alle kontaktstadane har same temperatur, men vil elles vanlegvis vere ulikt frå null.

Seebeckeffekten kan skildrast som ein sum av to andre termoelektriske effektar, peltier- og thomsoneffekten. Seebeckeffekt blir utnytta mellom anna i termoelement for måling av temperatur. Han vart oppdaga 1821 av den tyske fysikaren T. J. Seebeck (1770–1831).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]