Seiko Hashimoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Seiko Hashimoto
Seiko Hashimoto 081222-A-8552S-495.jpg
Statsborgarskap Japan
Fødd 5. oktober 1964
Hayakita
Idrett lengdeløp på skeiser, banesykling
Yrke skøyteløpar, politikar, sykkelryttar, banesyklist

Seiko Hashimoto (fødd 5. oktober 1964) er ein japansk politikar, idrettsleiar og tidlegare idrettsutøvar frå i Hayakita på Hokkaido. Ho var aktiv både i keiseløp og sykling. Hashimotos fremste prestasjon var andreplassen i firkamp-VM på skeiser i 1990.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Hashimoto deltok i internasjonal skeiseidrett frå 1981 til 1994. Denne perioden var ho med i samtlege fire olympiske vinterleikar, frå 1984 i Sarajevo til 1994 og Lillehammer. Høgdepunktet her var bronsemedaljen på 1500 m under Vinter-OL 1992 i Albertville.

Hashimoto markerte seg fyrst i sprintmeisterskapane på skeiser. Gjennom fem sprint-VM i åra 1986-90 vart ho etter rokes nummer 4, 5, 4, 3 og 4. Også i firkamp-VM på skeiser enda ho opp med tre fjerdeplassar; 1987, 1991 og 1993. Betre hevda ho seg i verdsmeisterskapen 1990, der ho vart slått einast av austtyske Jacqueline Börner, og i 1992 der ho la beslag på det siste trinnet på sigerspallen.

Banesyklisten Hashimoto representerte Japan i tre sommar-OL; Seoul 1988, Barcelona 1992 og Atlanta 1996.

Seiko Hashimoto i 2008

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Hashimoto har vore president i det japanske skeiseforbundet. Sidan 1995 har ho representert Liberaldemokratane, det dominerande partiet i japansk politikk, i Sangiin (senatet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]