Selaön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 59°24′N 17°12′E
Selaön
øy
none  Överselö kyrkje på Selaön
Överselö kyrkje på Selaön
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Södermanland
Kommune Strängnäs
Stad Mälaren
 - koordinatar 59°24′N 17°12′E
Areal 94,72 km²
Sweden - Selaon.PNG

Selaön er ei svensk øy i innsjøen Mälaren i Strängnäs kommune i Södermanlands län. Med eit areal på 95 kvadratkilometer er Selaön den niande største øya etter areal i Sverige, og den største øya i ein innsjø. Øya har om lag 3000 innbyggjarar, og delar av tettstaden Stallarholmen ligg sør på øya. Brua ved Stallarholmen knyt Selaön til fastlandet.

Det finst fleire runesteinar på øya. Åsa gravfält frå den yngre jarnalderen består av ei rekkje gravanlegg og steinsettingar, den mest kjende er ein skipssetning kalla Åsa domaresäte[1]. Mälsåker slott, som under andre verdskrigen var ått av den norske legasjonen i Stockholm og brukt som utdanningstad for polititroppene[2], er ein annan turistattraksjon på Selaön.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sö 200 Åsa gravfält frå svenskarunstenar.net
  2. Mälsåkers historia frå heimesidene til Mälsåker slott

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]