Selaön
Utsjånad
Selaön | |||
øy | |||
Överselö kyrkje på Selaön
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Södermanland | ||
Kommune | Strängnäs | ||
Stad | Mälaren | ||
- koordinatar | 59°24′N 17°12′E / 59.400°N 17.200°E | ||
Areal | 94,72 km² | ||
Selaön 59°24′N 17°12′E / 59.4°N 17.2°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Selaön |
Selaön er ei svensk øy i innsjøen Mälaren i Strängnäs kommune i Södermanlands län. Med eit areal på 95 kvadratkilometer er Selaön den niande største øya etter areal i Sverige, og den største øya i ein innsjø. Øya har om lag 3000 innbyggjarar, og delar av tettstaden Stallarholmen ligg sør på øya. Brua ved Stallarholmen knyter Selaön til fastlandet.
Det finst fleire runesteinar på øya. Åsa gravfält frå den yngre jarnalderen består av ei rekkje gravanlegg og steinsettingar, den mest kjende er ein skipssetning kalla Åsa domaresäte[1]. Mälsåker slott, som under andre verdskrigen var ått av den norske legasjonen i Stockholm og brukt som utdanningstad for polititroppene[2], er ein annan turistattraksjon på Selaön.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Skipssetning i Åsa gravfält
-
Mälsåker slott
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Selaön» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sö 200 Åsa gravfält[daud lenkje] frå svenskarunstenar.net
- ↑ Mälsåkers historia[daud lenkje] frå heimesidene til Mälsåker slott