Sengemat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grautkjerringer av Th. Kittelsen.

Sengemat er mat som kvinner får etter dei har født. Nabokoner, slektningar og andre kvinner kan koma til dei med god og næringsrik kost. Andre norske namn for denne kosten er barselgraut, barnsenggraut og barnsengmat.

Kina[endre | endre wikiteksten]

Ein vanleg kantonesisk sengematrett er ei stuing av svineknoklar med ingefær og egg kokt i søt, svart eddik (kinesisk skrift 豬腳薑, pinyin zhū jiǎo jiāng, kantonesisk Yale jyū geuk gēung). Retten skal tilføra mora nødvendige næringsstoff som proteinar og kalsium.[1]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vanleg sengemat i norsk kultur har vore rjomegraut, sosekjøt eller andre kjøtrettar, kaffi og kaker. Ideen bak sengematen var å hjelpe kvinna til å kome til krefter etter fødsel slik at ho kunne ha mjølk til ungen.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av Richard Dagley til diktet «Taking caudle»av Thomas Gaspey.

I Storbritannia kunne ein gje caudle eller caudel, ein varm drikk eller velling som kunne vera laga av korn, sukker eller honning, egg, ulike krydder og eventuelt mandlar, rosiner eller mjølk. Retten inneheldt ofte også alkohol, som vin. Caudle blei gjeve både til nybakte mødrer og folk som vitja dei, og uttrykka cake and caudel eller taking caudle blei metonym for å vitja nokon som låg i barsel. Desse var ofte høve der berre kvinner var til stades. I 1821 skreiv Thomas Gaspey eit dikt om skikken:

'Twas then Eliza, though now Mrs T.
We ought to call her, gave her lord an heir,
And all her female friends, the babe to see
And praise its beauty, failed not to repair;
But half what they to utter there thought meet,
While taking caudle, I must not repeat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kaluza, Susanne (13. april 2018), «Barselgrøten som forsvant», morgenbladet.no (på bokmål), henta 18. desember 2019 

Spire Denne matartikkelen som har med kultur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.