Sergej Khlebnikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergej Khlebnikov
WK Sprint schaatsen in Alkmaar. De Rus Klebnikov in aktie, Bestanddeelnr 931-9572.jpg
Fødd 27. august 1955
Sortavala
Død

12. juni 1999
Moskva

Yrke skøyteløpar
Sergej Khlebnikov på Commons

Sergej Anatoljevitsj Khlebnikov (27. august 195512. juni 1999) var ein skeiseløpar frå Sortavala som representerte Sovjetunionen. Han vart sprint-verdsmeister i 1982 og vann elles to OL-sølv og to sølvplassar i sprint-VM i tida 1981-84.

Sergej Khlebnikov i 1982

Khlebnikov vart andremann då sprint-VM 1981 fann stad i Grenoble, 0,400 poeng bak norske Frode Rønning. Året etter vart Khlebnikov verdsmeister i skeisesprint i Alkmaar, etter eit jamnt oppgjer mot Gaétan Boucher fra Canada.

Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo kom Khlebnikov på andreplassen både på 1000- og 1500 meter, på begge distansane måtte han sjå seg slått av Gaétan Boucher. I verdsmeisterskapen i sprint 1984 i Trondheim trekte Boucher enno ein gong det lengste strået, og vann VM-tittelen med minimal margin; 0,010 tidspoeng, eller to hundredels sekund på 1000 meter.

Khlebnikov drukna i Moskva, i sitt 44. år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]