Sergej Kirov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Kirov

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 15. mars 1886
Urzjum
Død

1. desember 1934 (48 år)
St. Petersburg

Yrke politikar
Språk russisk
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti, Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet
Medlem av Politbyrået i Sovjetunionen
Sergej Kirov på Commons

Sergej Mironovitsj Kirov (27. mars 18861. desember 1934) var ein sovjetisk kommunistisk politikar. Han gjekk inn i det russiske arbeidarpartiet i 1904. Det er ikkje klart om han tok parti for bolsjevikane mot mensjevikane før etter revolusjonen. I åra fram til den russiske revolusjonen var han i fleire periodar arrestert for den politiske verksemda si.

Etter revolusjonen deltok han i den russiske borgarkrigen. I 1921 vart han leiar for kommunistpartiet i Aserbajdsjan. I 1926 vart han leiar for partiet si avdeling i Leningrad, mellom anna for å få orden på partiavdelinga. I 1930 vart han medlem av politbyrået. I denne perioden markerte Kirov seg som ein sterk tilhengar av Stalin. Mange hevdar at Kirov begynte å markere usemje med Stalin sine til tider brutale metodar utover på trettitalet, men dette er ikkje dokumentert.

Kirov vart myrda i 1934, og omstenda rundt mordet har vore gjenstand for mykje spekulasjon. Dette sidan mordet danna grunnlaget for Moskvaprosessane. Stalin meinte at det dreia seg om ein trotskistisk konspirasjon. Kritikarar av Stalin og Sovjetunionen meinte på den andre sida at det var Stalin som stod bak fordi Kirov representerte ein trussel mot Stalin si makt. Denne teorien har blitt støtta også av Khrusjtsjov og Gorbatsjov. Opninga av dei sovjetiske arkiva har ikkje kunna gitt noko avklaring på saka. Den tidlegare sovjetiske etterretningsagenten Pavel Sudoplatov meiner at det rett og slett dreia seg om eit sjalusidrap som Stalin såg sitt snitt til å utnytte til sin fordel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]