Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet, russisk Российская социал-демократическая рабочая партия (Rossijskaja sotsial-demokratitsjeskaja rabotsjaja partija) med forkortinga RSDRP på russisk og RSDAP på norsk, blei danna i Minsk i Belarus (Kviterussland) i 1898. Namnet på partiet signaliserte at det var eit parti for alle folkeslag i det russiske storriket, ved at dei brukte den territorielle nemninga rossijskaja og ikkje den etniske nemninga russkaja. Mellom dei fremste medlemmene var Julius Martov, Lev Trotskij og Vladimir Lenin. Partiet var illegalt, for Russland var styrt av ein eineveldig tsar og hans handplukka folk.

Dei russiske sosialdemokratane blei snart kløyvde i to hovudretningar, bolsjevikar og mensjevikar, som etter kvart fungerte meir og meir som to sjølvstendige og ulike parti. Mensjevikane stod for ei linje lik den arbeidarrørsla i Vest- og Sentral-Europa representerte, medan bolsjevikane under leiing av Lenin utvikla den moderne kommunismen. Bolsjevikane droppa da også namnet RSDRP(b) i 1918, etter revolusjonen året før, og tok til å kalle partiet sitt kommunistisk i staden. Mensjevismen blei forboden i Sovjet-Russland frå 1920.

Etter at kommunistleiaren Mikhail Gorbatsjov oppheva det sovjetiske kommunistpartiet sitt maktmonopol på slutten av 1980-talet, blei det oppretta fleire sosialdemokratiske parti i Russland og andre tidlegare sovjetrepublikkar. Eit av dei russiske sosialdemokratiske partia har den same Gorbatsjov som framståande medlem, men ingen av dei har blitt store parti i det etter-kommunistiske Russland.