Sergej Klevtsjenja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Klevtsjenja


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 21. januar 1971 (53 år)
Barnaul
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1000 meter herrer

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse

Sergej Konstantinovitsj Klevtsjenja (fødd 21. januar 1971) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Barnaul i Russland. Han vart verdsmeister i sprint i 1996 og 1997.

Klevtsjenja vann to olympiske medaljar under Vinter-OL 1994Hamar. Han kom på andreplassen på 500 meter, slått av landsmannen Aleksandr Golubev med seks hundredels sekund, medan det vart bronsemedalje på 1000 meter bak Dan Jansen frå USA og Igor Zjelesovskij frå Kviterussland. Seinare i OL-sesongen vart han andremann i sprint-VM i Calgary, også det ei tevling som Dan Jansen vann.

Både under sprint-VM 1996 og 1997 gjekk Klevtsjenja heilt til topps. I Heerenveen i 1996 parkerte han japanesarane Hiroyasu Shimizu og Junichi Inoue i kampen om VM-tittelen, og på Hamar i 1997 stod han i vegen for at arrangørlandets eigen Roger Strøm skulle verte verdsmeister.

Åra 1996-2001 sikra Klevtsjenja seg ein medalje av kvar valør på uilke sprintdistansar under VM i enkeltløp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]