Sergej Korovin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I landsbyen, 1893

Sergej Aleksejevitsj Korovin (russisk: Сергей Алексеевич Коровин) (19. august 185826. oktober 1908) var ein russisk målar og illustratør. Han var både fødd og døydde i Moskva. Den meir kjende målaren Konstantin Korovin var bror hans.

Korovin studerte mellom 1876 og 1886 ved Moskvas skule for måleri, bilethogging og arkitektur. Mellom lærarane hans fann ein Vasilij Perov, Aleksej Savrasov og Illarion Prjanisjnikov. Frå 1888 til 1907, med eit avbrot 1894-98 var han sjølv lærar ved skulen. Han var i desse åra medlem av Russisk kunstnarunion.

Korovin sin kunst fylgde den tradisjonen som Peredvizjnikij-rørsla hadde utvikla. Eit av dei mest kjende verka hans, måleriet I landsbyen, viser ei hending i eit bondemiljø etter opphevinga av liveigenskapen i året 1861. I den siste halvdelen av 1890-åra endra kunsten hans seg. Bileta hans vart meir forfina og lyriske, først og fremst vende han seg mot landskapsmåleriet. Der dei tidlegare verk hans viser eit grundig arbeid med stor vekt komposisjonen og på detaljane, syner dei seinare verka ei vektlegging av stemninga og ein trong til å framheve inntrykket slik ein opplever det i den bestemte augneblinken.

Sergej Korovin var også aktiv som illustratør. Teikningane til Nikolaj Gogol si forteljing Frakken (Шинель), som han laga i åra mellom 1900 og 1908, peikar seg ut mellom desse.

Ein større del av verka hans, hovudsakleg landskaps- og sjangermåleria, finst i dag i Revolusjonsmuseet og Tretjakovgalleriet i Moskva, samt i Russlands Museum.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Frå avstraffinga (Перед наказанием), 1884
  • I landsbyen (На миру), 1893
  • Til pinsa (К Троице), 1902