Sergej Tarasov
Sergej Tarasov | |
Fødenamn | Сергей Петрович Тарасов |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 15. februar 1965 Bisjkek |
Idrett | skiskyting |
Tok del i |
Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, biathlon at the 1994 Winter Olympics – men's individual, biathlon at the 1994 Winter Olympics – men's sprint, biathlon at the 1994 Winter Olympics – men's relay, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's relay |
Utmerkingar |
Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Sergej Borisovitsj Tarasov (fødd 15. februar 1965) er ein russisk, tidlegare skiskyttar frå Staroalejskoje i Altaj kraj, som representerte Sovjetunionen og seinare Russland. Gjennom 1990-talet var han ein av dei aller beste skiskyttarane i verda, og sanka desse åra fire OL-medaljar og sju VM-medaljar.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Tarasov fekk ein sølvmedalje med Sovjetunionen sitt stafettlag då han i 1991 deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap. To år seinare fekk han med heim til Russland to sølvmedaljar og ein bronsemedalje frå VM i skiskyting i Borovets. Under vinter-OL 1994 på Lillehammer skaut han på seg tre tilleggsminuttar, men med dagens beste langrennstid vann han likevel gullmedaljen; 3,4 sekundar føre toaren Frank Luck som representerte Tyskland. Seinare i leikane fekk Tarasov sitt tredje stafett-sølv, og i tillegg ein bronsemedalje på 10 km.
Under VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding vart Tarasov verdsmeister både på 20 km og i 4 x 7,5 km stafett. Sidan tok han i 1997 eit VM-sølv på 12,5 km jaktstart, og i 1998 ein OL-bronse i stafett.
Perioden 1991-97 stod Tarasov fire gongar på toppen av sigerspallen etter verdscuprenn, og like mange gongar på høvesvis andre- og tredjeplass. Han tok sin fyrste verdscupsiger på ein 10 km i Ruhpolding i 1991, dei andre tre sigrane kom på 20 km, inkludert då han vann OL-gull i 1994 og VM-gull i 1996. I sin beste sesong i verdscupen i skiskyting, 1996, vart han totalt nummer seks.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM i skiskyting 1991 i Lahti: Sølvmedalje i stafett og nr 10 både på 10 km og 20 km
- VM i skiskyting 1993 i Borovets: Sølvmedalje på 20 km, bronsemedalje på 10 km og sølvmedalje i stafett
- Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Gullmedalje på 20 km, bronsemedalje på 10 km og sølvmedalje i stafett
- VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Gullmedalje på 20 km og i stafett
- VM i skiskyting 1997 i Osbrlie: Sølvmedalje på jakstarten, nr 5 på 10 km
- Vinter-OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje i stafett
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- IBU-resultat