Sergej Tsjepikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergej Tsjepikov
Sergey Chepikov.jpg
Fødd 30. januar 1967
Khor
Yrke skiskyttar, langrennsløpar, politikar

Sergej Vladimirovitsj Tsjepikov, russisk Сергей Владимирович Чепиков (fødd 30. januar 1967) i Khor i Khabarovsk kraj i Russland) er ein russisk skiskyttar med ein uvanleg langvarig og innhaldsrik karriere. Han er dobbelt olympisk meister i skiskyting.

Sergej Tsjepikov har høyrd til den absolutte verdseliten i skiskyting heilt sidan 1988, då han 21 år gamal tok gull på stafetten og bronsemedalje på 10 km under OL i Calgary. Han vann verdscupen i skiskyting samanlagt sesongane 1989/90 og 1990/91. I 1994 vart han olympisk meister på sprinten i Lillehammer-OL. Deretter prøvde han seg ei stund som langrennsløpar, og deltok i OL i Nagano i 1998 på det russiske langrennslagte. Etter dette OL gav han seg som toppidrettsutøvar.

Etter tre år ute av rampelyset gjorde Tsjepikov comeback og deltok igjen i verdscupen i skiskyting i 2001/02-sesongen, då han kom på 23. plass samanlagt. Under VM 2005 i Hochfilzen, tok han sølvmedalje på jaktstarten og på stafetten, i ein alder av 38 år. 2004/05-sesongen vart den beste sesongen hans etter comebacket, med ein fjerdeplass samanlagt i verdscupen.

Tsjepikov var med i den russisk troppen til OL i Torino i 2006, som vart hans sjette OL, det femte som skiskyttar. Han var der med å ta sølv på stafetten. Han bur i Jekaterinburg.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • To førsteplasser (1989/90 og 1990/91)
  • Olympiske leikar:
    • 2 gull (1 individuelt, sprinten i 1994), 3 sølv
  • Verdscuprenn:
    • 5 gull, 8 sølv, 5 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]