Severin Lieblein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severin Lieblein
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1866
Oslo
Død

23. juni 1933 (67 år)
Eidsvoll kommune

Yrke skribent
Språk norsk
Far Jens Lieblein

Johan Nicolai Severin Lieblein (17. mai 186623. juni 1933) var ein norsk forfattar frå Oslo, son til egyptologen Jens Lieblein.

Severin Lieblein vart student 1885 og la sidan ut på ei lang rekke reiser i Europa, og til dels i Orienten og i Marokko. Frå dei ulike reisene sende han livaktige reiseskildringar som fyrst vart prenta i aviser. Seinare gav han frå 1901 dei ut i bøker som Fra fremmed Land, Kismet, Blaamænd, Abdallahs Gurbi, I baldakinens skygge og Skrinet med det rare i.

Lieblein skreiv også barneboka Bedre Mands Barn (1902) og ungdomsboka Det unge blod frå 1915. I 1910 kom han med Den sidste af sin Slægt, ein roman med sjølvbiografiske drag. Romanen vart i 1922 filmatisert som Farende folk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]