Sevi
Utsjånad
| Sevi | |||
| Org.nr. | 923010858 | ||
|---|---|---|---|
SEVI var eit norsk firma som dreiv med tenesteyting og sal av komponentar til maritim og landbasert industri. Selskapet vart grunnlagt i 2009 under namnet Marine Electrical Solutions, og endra i 2011 namnet til SEVI. Det vart avvikla i 2021.[1][2]
Selskapet vart etablert i 2009 i Fosnavåg. Frå 2011 hadde SEVI også avdelingar i Kristiansund, Bergen og Langesund
SEVI gjennomførte service og overhaling av dei fleste typar dieselmotorar og turboar, samt testing og kontroll av elektrisk- og elektronisk utstyr. Selskapet etablerte maskinverkstadar på fire stader: Fosnavåg, Kristiansund, Bergen og Langesund.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Virksomhetsopplysninger - Brønnøysundregistrene», virksomhet.brreg.no, henta 1. august 2025
- ↑ Sevi Group AS, Ulsteinvik, Norway, North Data