Shanti Devi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«S/Y Shanti Devi» i 1983, ved Mälarvarvet i Stockholm
Foto: Robert E. Haraldsen

Shanti Devi, (hindi; Fredens gudinne) er namnet på skonnerten som forfattaren Axel Jensen budde i og eigde saman med den indiske kona si, Pratibha Jensen, fram til 1990.

Seglskuta vart bygd i 1905Sjötorps Varv ved Vänern i Sverige og vart først døypt til «Zeus». Seinare vart ho registrert av Jensen i Gibraltar under namnet S.Y. «Shanti Devi».

Skipet vart opphavleg bygd til å vere fraktskute og er difor dimensjonert for ferdsel gjennom det svenske kanalsystemet, Göta Kanal og for segling på Nordsjøen og Austesjøen.

I 1985 og 1986 vart «Shanti Devi» nytta til hovudbase for planlegginga og administrasjonen av Oslo Internasjonale Poesifestival under leiing av Axel Jensen sjølv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstaden til Axel Jensen