Shapinsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shapinsay
Geografi
Shapinsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°3′ N 2°52′ WKoordinatar: 59°3′ N 2°52′ W
Øygruppe Orknøyane

Areal 29,48 km²

Høgaste punkt Ward Hill (64 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Balfour

Demografi
Folketal 300 (2001)
Folketettleik 10,2 /km²

Shapinsay er ei øy i Orknøyane utanfor nordkysten av Skottland. Det er éin landsby på øya, Balfour som har ferjesamband til KirkwallOrkney Mainland. Balfour Castle, bygt i skotsk baronistil, er ein av dei største attraksjonane på øya og eit minnesmerke etter familien Balfour som levde her på 1700- og 1800-talet. Familien Balfour omforma livet på øya ved å innføre nye jordbruksteknikkar. Andre landemerker er ein ståande stein, ein broch frå jernalderen og ein saltvassdusj.

Øya har eit areal på 29,5 kvadratkilometer og er den åttande største øya i Orknøyane. Ho er låg og frodig og det meste av ho vert nytta til jordbruk. Shapinsay har to naturreservat og er kjend for fuglelivet.[1]

Mor Stein, ein ståande stein

I 2001 hadde Shapinsay 300 innbyggjarar.[2] Økonomien på øya er hovudsakleg basert på jordbruk, bortsett frå nokre små føretak som hovudsakleg er basert på turisme. Det er planar om å byggje vindturbinar på øya.[3]

Namnet på øya er ikkje like enkelt å tolke som mange av dei andre øynamna i Orknøyane. Den siste stavinga 'ay' kjem frå norrønt for øy, men dei to første stavingane er meir vanskeleg å tyde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Island Explorations—Shapinsay». The Orkney Website. Henta 20. mars 2010. 
  2. «Notes on the 2001 Census» (Microsoft Word document). Orkney Local Economic Forum. Highlands and Islands Enterprise. 10. juli 2007. Henta 20. mars 2010. 
  3. «Shapinsay is positive about the future». Orkney Today. 20. september 2007. Henta 20. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]