Auskerry
| Auskerry | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Nordsjøen |
| Koordinatar | 59°02′03″N 2°34′05″W / 59.03429°N 2.56798°W |
| Øygruppe | Orknøyane |
| Areal | 0,85 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Orknøyane |
| Demografi | |
| Folketal | 5 (2001) |
| Folketettleik | 5,9 /km² |
Auskerry (norrønt Austrsker, «austskjeret») er ei lita øy aust i Orknøyane. Ho ligg i Nordsjøen sør for Stronsay. Det står eit fyr på øya, bygt i 1866.

Skildring
[endre | endre wikiteksten]Auskerry er ei lita, flat øy av raud sandstein, 4,5 km sør for Stronsay.[1] Ein ståande stein og eit kapell frå mellomalderen er teikn på tidleg busetnad.[1] Øya var utan folk ein periode etter at fyret vart automatisert i 1960-åra. Ho var tidlegare ein populær stad for å jakte på sel.[1]
Auskerry har vore busett i 30 år av ein familie som driv med sauehald.[2] Det står tre små vindturbinar og fire solcellepanel på øya som gjev øya straum.
Fyr
[endre | endre wikiteksten]«Hastings County» var eit 116 meter langt norsk lasteskip som gjekk på grunn nordvest for Auskerry i 1926 i tjukk skodde.[3] Fartøyet braut i to og vraket vart spreidd over store område. Maskinen hamna på stranda.
Fyret ligg nord for Stronsay Firth.[4] Det vart bygt i 1866 av ingeniørane David og Thomas Stevenson.[5].
Dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Auskerry har status som Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av viktige hekkeområde for isterne og havsvale; 4,2 % av hekkande havsvaler i Storbritannia hekkar på denne øya.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Auskerry» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 «Auskerry». Gazetteer for Scotland. Henta 7. mars 2010.
- ↑ «Isle of Auskerry». Henta 7. mars 2010.
- ↑ «Hastings County». North Isles Diving. Henta 7. mars 2010.
- ↑ «SS Hastings County Ashore On Auskerry». Scran. Henta 7. mars 2010.
- ↑ «Auskerry History». Northern Lighthouse Board. Henta 7. mars 2010.
- ↑ «Special Protection Area description: Auskerry». JNCC. Henta 7. mars 2010.