Westray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Westray
Geografi
Westray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°18′ N 3°0′ WKoordinatar: 59°18′ N 3°0′ W
Øygruppe Orknøyane

Areal 47,13 km²

Høgaste punkt Fitty Hill (169 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Pierowall

Demografi
Folketal 563 (2001)
Folketettleik 11,9 /km²

Westray er ei øy i Orknøyane i Skottland med kring 550 innbyggjarar. Den største landsbyen er Pierowall, som er eit kulturarvsenter. Her ligg ruinane av Lady Kirk og det går båt til Papa Westray.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har eit areal på 47,13 kvadratkilometer og ho er den sjette største av Orknøyane. Bergrunnen består av gammal raud sandstein. Det er lite torv på øya og ho er kjend for det frodige jordsmonnet sitt.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Noup Head fyr på Westray

Den første kjende busetnaden på øya er frå kring 3500 f.kr.. Ein trur at Westray og naboøya Papa Westray på denne tida var landfaste med kvarandre.[2] Links of Noltland er ein steinalder- og bronsealderstad underlagt Historic Scotland.[3]

Ved Noltland på Westray vart ei av dei mest imponerande slotta på Orknøyane bygd, Noltland Castle[4]. Slottet vart bestilt i 1560-åra av Gilbert Balfour, som truleg spelte ei viktig rollei mordet på Lord Darnley, gamelen til dronning Maria I av Skottland. Balfour gifta seg med Margaret Bothwell, syster til Adam Bothwell, biskop av Orknøyane, som gav han bispeeigedomen Westeray i medgift. Slottet låg ved Bay of Pierowall og vart bygt i 1560-åra. Det var kjend for ei uvanleg lang spiratrapp og triple skyteskår.[2] Balfour vart derimot avretta av svenskane før slottet var ferdig.

Andre attraksjonar på øya er den romanske kyrkja Cross Kirk og sjøstauren Castle O'Burrian, som ein gong vart nytta som eremitasje.

Noup Head fyr vart bygt i 1898[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. 2,0 2,1 Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.
  3. Lewis, Caroline (Desember 2007) "Archaeologists Find Mysterious Neolithic Structure in Orkney Links of Noltland Dig" Arkivert 2012-03-20 ved Wayback Machine. culture24.org.uk. Henta 22. mars 2010
  4. The Heritage of Westray (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. februar 2012, henta 22. mars 2010 
  5. NLB website, arkivert frå originalen 7. juni 2015, henta 22. mars 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]