Lamb Holm
Lamb Holm | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 0,40 km²
|
Høgaste punkt | 20 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|

Lamb Holm er ei lita folketom øy i Orknøyane i Skottland. Hovudattraksjonen på øya er eit rikt utsmykka italiensk kapell.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Lamb Holm ligg i Holm Sound, ein av dei austlege innløpa til Scapa Flow, mellom Mainland i Orknøyane og øya Burray,[1] Ho er 40 hektar stor.
Churchill Barriers ber vegen frå South Ronaldsay til Mainland i Orknøyane. Lamb Holm er knytt til Glims Holm i sørvest via Barrier nummer 2 og til Mainland via Barrier nummer 1.
Steinbrotet som vart nytta til å byggje Churchill Barriers er i dag fylt med vatn og omgjort til eit oppdrettsanlegg.
Italiensk kapell[endre | endre wikiteksten]
Churchill Barriers vart bygt av italienske krigsfangar under den andre verdskrigen og dei bygde og det rikt utsmykka italienske kapellet som i dag er hovudattraksjonen på øya.
I 1942 var meir enn 1300 italienske krigsfangar fanga i Nord-Afrika og ført til Orknøyane, der dei vart verande til tidleg i 1945. 550 vart tekne til Camp 60, deri det vert sett til å byggje Churchill Barriers. I 1943 vart kommandanten i leiren og presten Giacombazzi einige om at dei trengde ei kyrkje. Fangane gjorde alt arbeidet med å omforme to brakker til kapellet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lamb Holm» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Lamb Holm». Gazetteer for Scotland. Henta 14. mars 2010.