Shelagh Delaney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shelagh Delaney
Nasjonalitet Storbritannia
Fødd 25. november 1938
Broughton
Død

20. november 2011 (72 år)
Suffolk

Yrke forfattar, dramatikar
Språk engelsk
Periode 1958–2010
Sjanger Sosialrealisme

Shelagh Delaney (25. november 193820. november 2011) var ein britisk dramatikar og manusforfattar.[1] Ho skreiv sosialrealistiske verk for scena, radio og fjernsyn og er rekna som ein viktig figur i rørsla kjend som kitchen sink realism.

Delaney var fødd i Broughton i Salford i Lancashire som Sheila Mary Delaney.[1][2] Far hennar var bussinspektøren Joseph Delaney og mora var Elsie Tremlow frå Salford.[3] Delaney avslutta skulegangen då ho var 16 og levde av strøjobbar.

Scene frå A Taste of Honey, framført ved Broadway i 1960.

Då ho var 19 debuterte ho med stykket A Taste of Honey under namnet Shelagh Delaney. Stykket blei framført av Joan Littlewood si Theatre Workshop.[4] I teaterprogrammet blei Delaney skildra som «the antithesis of London's 'angry young men'. She knows what she is angry about.»[5] Ho fortsett å skriva for teater, og frå 1970 også for radio og fjernsyn.

Verka hennar har inspirert fleire musikkstykke. Den kjende popstandarden «A Taste of Honey» blei skriven til broadwayoppsetjinga av stykket hennar av same namn. I seinare tid har Morrissey henta tekst frå same stykke til låttekstane sine. Ho er avbilde på omslaget til albumet Louder Than Bombs og singelen Girlfriend in a Coma av bandet hans The Smiths.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • A Taste of Honey (norsk En smak av honning, omsett av Alf Hartmann (Norsk Rikskringkasting, 1978), svensk Doft av honung, omsett av Mario Grut (Cavefors, 1959)[6])

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bruce Weber (24. november 2011). «Shelagh Delaney, Author of the Play 'A Taste of Honey,' dies at 72». New York Times. Henta 12. april 2015. 
  2. Barker, Dennis (21. november 2011). «Obituary: Shelagh Delaney». The Guardian. Henta 10. juni 2014. 
  3. Coatman, Anna (1. november 2019). «Angry young woman». The Times Literary Supplement. Henta 24. januar 2020. 
  4. Zarhy-Levo, Yael (2008). The Making of Theatrical Reputations. University of Iowa Press. s. 80. ISBN 978-1-58-729626-0. 
  5. Cooke, Rachel (25. januar 2014). «Shelagh Delaney: the return of Britain's angry young woman». The Observer. 
  6. «Svenskt översättarlexikon, Doft av honung». Henta 4. august 2015.