Shkumbin
Shkumbin | |||
elv | |||
Land | Albania | ||
---|---|---|---|
Lengd | 181 km | ||
Kjelde | sørvest for Pogradec | ||
Munning | Adriahavet, 18 km vest for byen Rrogozhina | ||
Shkumbin 40°52′58″N 20°34′54″E / 40.8828°N 20.5818°E | |||
Wikimedia Commons: Shkumbin |
Shkumbin er ei elv sentralt i Albania. Ho er 181 km lang, og renn ut i Adriahavet. Elva er rekna som den tradisjonelle skiljelinja mellom dei to albanske dialektane toskisk (på sørsida) og gegisk (på nordsida).
Elva har utspring i fjella sørvest for Ohridsjøen, eit stykke frå byen Pogradec. Løpet kryssar nesten hele Albania frå aust til vest. Elva flyt først nordover og deretter mot nordvest, gjennom Qukës og Librazhd, før ho vender mot vest og renn gjennom Polis, Elbasan, Cërrik, Peqin og Rrogozhinë. Shkumbin renn ut i Adriahavet aust for Rrogozhinë og nordvest for Divjakë.[1]
Det latinske namnet på Shkumbin er «Genusus». Lenge utgjorde elva nordgrensa for regionen Epirus.[2] På 400-500-talet danna ho den kulturelle grensa mellom Illyria og Hellas i antikken.[3]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shkumbin» frå Wikipedia på engelsk, og «Shkumbin» frå Wikipedia på bokmål den 7. februar 2013.
- Fotnotar
- ↑ Kart over Shkumbin ved Google Maps
- ↑ Mikropoulos A. Tassos.Elevating and Safeguarding Culture Using Tools of the Information Society: Dusty traces of the Muslim culture. Earthlab. ISBN 978-960-233-187-3, p. 320: «Therefore the river referred to as Gennousos in ancient sources... again became a natural border in the north of Epirus». Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Nicholas Geoffrey Lemprière Hammond. Migrations and invasions in Greece and adjacent areas. Noyes Press, 1976. ISBN 978-0-8155-5047-1. p. 54: «The line of division between Illyricum and the Greek area, 'Epirus Nova', in terms of Roman provincial administration ran somewhere between Scodra and Dyrrachium and then eastwards on the north side of the Shkumbi and Lake Ochrid». Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.