Siglo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siglo
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 21
Kart
Siglo
59°55′52″N 5°12′00″E / 59.93105°N 5.19989°E / 59.93105; 5.19989

Siglo, eller Stora Siglo, er ei øy i Fitjar kommune i Fitjarøyane. Øya er 1,9 km lang og 1 km på det breiaste. Ho har form som ein hestesko med Nordre Siglevågen på nordsida. Øya ligg vest for Engesund og Bukkholmen, nord for Ivarsøyo med Nyleio og Eggøyo i vest og Selbjørnsfjorden i nord.

Garden på øya er ikkje gamal. Opphavleg var øya eit husmannsplass under Fitjar.

I 1806 vart Siglo med øyar og holmar fredlyst.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Siglo har eit areal på 1,1 km². Ho har form som ein hestesko med Nordre Siglevågen som munnar ut mot Selbjørnsfjorden i nord. Ho er kring 1,9 km lang og 1,1 km på det breiaste.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet er uvisst, men ein meiner det kan kome av «sigla», som i dette området var namnet på det midterste rommet i ein storbåt der masta står. Det kan òg kome av «segl», som vert nytta om ein bergvegg som liknar på eit segl. Namnet kan òg kome av verbet «å sigla». Leia i området går her på vestsida av øya og svingar austover ved Siglodden, nord på Siglo. Ein måtte derfor skifta kurs her og venda seglet.

Namnet på garden har òg vore kalla Siglen og Store Siglen.

Slektsnamnet frå staden er Siglen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Siglo høyrde til Fitjargarden frå gamalt av, og var opphavleg eit husmannsplass som vart skuldsett ved matrikkelen i 1838. Frå då av var plasset ein eigen gard.

Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2]
11 27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.