Sigrid Helliesen Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrid Helliesen Lund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. februar 1892
Oslo
Død

8. desember 1987 (95 år)
Oslo

Yrke kvinnesaksforkjemper
Medlem av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom, Nansenhjelpen
Ektefelle Diderich Hegermann Lund
Sigrid Helliesen Lund på Commons

Sigrid Helliesen Lund (23. februar 18928. desember 1987) var ein norsk fredsforkjempar. Ho er kjend for sin humanitære innsats gjennom mesteparten av 1900-talet, og spesielt motstanden mot okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen.[1] [2] Arbeidet med å redde jødar under holocaust i Noreg gjorde at ho posthumt fekk utmerkinga Righteous Among the Nations.[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lund vaks opp i ein gjestfri heim, som var open for kunstnarar og intellektuelle på den tida, og utvikla tidleg eit sterkt sjølvstende, og nekta blant anna å bli konfirmert i Den norske kyrkja. Ho tok examen artium i 1911, og studerte deretter musikk i Kristiania, Bayreuth, og Paris. Ho hadde debutkonserten sin som songar i 1918, i Oslo. Men ho utvikla ein sjukdom i andedråttsorgana som gjorde det umogleg å ta songkarrieren vidare.[1]

Yrke før og under andre verdenskrigen[endre | endre wikiteksten]

Lund gifta seg med Diderich H. Lund i 1923. Dei fekk to born. Ho byrja den humanitære innsatsen sin i 1927 mens ho budde med familien sin i Odda. Der protesterte ho mot det ho oppfatta som uakseptabel klasseskilnad. Etter at ho vitja Tyskland i 1934, blei ho med i Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom i 1935. Ho blei også påverka til å byrje arbeidet for flyktningar. Ho var aktiv i Nansenhjelpen og heldt fram med innsatsen sin i det okkuperte Noreg under andre verdskrigen, samstundes som ho også starta sin innsats for born med spesielle behov.

Hausten 1939 reiste Lund til Praha for å bringe 37 jødiske barn til Noreg på sommarleir. Ettersom forholda for jødar i heimlandet til borna blei stadig verre, fekk foreldra til borna tilbod om å la dei bli verande i Noreg. Fjorten born blei igjen her i landet. Den tysk-russiske barnepsykologen Nina Meyer Hasvoll blei overtalt til å starte ein barneheim der borna kunne bu, og Sigrid Helliesen Lund blei ein støttespelar for den jødiske barneheimen i Oslo. Ho spelte også ei sentral rolle då borna blei smugla over til Sverige hausten 1942, og dimed slapp unna Holocaust. Dokumentarfilmen til filmskaparen Nina Grünfeld, Ninas Barn, handlar om denne redningsaksjonen.[3]

Som pasifist var Lund elles aktiv blant kvekarane under krigen.

I februar 1944 måtte Lund sjølv flykte frå Noreg til Sverige, der ho fekk kapteinsgrad med ansvar for velferdsstatens tenester for nordmenn som var blitt repatriert frå konsentrasjonsleirane til nazistane. Ho heldt fram med dette arbeidet etter krigen, og utvida arbeidet til å også omfatte handelsflåten. Ho var også den fyrste leiaren av Redd Barna i Noreg.

Sigrid Helliesen Lund slutta seg formelt til kvekarsamfunnet i Oslo i 1947, og blei ein leiande skikkelse innanfor det globale kvekarsamfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Aarek, Hans Eirik (2000). «Sigrid Helliesen Lund». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon 2. Oslo: Kunnskapsforlaget. 
  2. 2,0 2,1 «TheRighteous Among the Nations: Helliesen Sigrid (1892 - 1987)». Yad Vashem. Henta 19. august 2015. 
  3. «Filmstudieark- Ninas barn». www.filmweb.no. Henta 25. juni 2019.