Sigrun Wodars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrun Wodars
Bundesarchiv Bild 183-1982-0724-040, Sigrun Ludwigs.jpg
Fødd 7. november 1965
Neu Kaliß
Yrke friidrettsutøvar, mellomdistanseløper, sprinter
Sigrun Wodars på Commons

Sigrun Wodars (fødd Sigrun Ludwigs7. november 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Aust-Tyskland på mellomdistansane. Ho vann gullmedaljen på 800 meter under VM 1987, OL 1988 og EM 1990.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sigrun Wodars til høgre, og Christine Wachtel

I junioralderen konkurrerte Sigrun Ludwigs på 400 meter med stor suksess. Seinare gjekk ho over til 800 meter, til liks med landskvinna Christine Wachtel, ho som skulle verte hennar sterkaste rival på seniornivå.

Under EM i 1986 i Stuttgart tok Wodars sølvmedaljen på 800 m, 0,27 sekund bak sovjetiske Nadezjda Olizarenko. Våren 1987 måtte ho ta til takk med andreplass på distansen under innandørs-VM, slått av Wachtel. Wodars revansjerte seg ved friidretts-VM i Roma same året og vart verdsmeister på tida 1.55,26, fattige seks hundredels sekund føre Wachtel, og i 2016 framleis tysk rekord på distansen. Også under Sommar-OL i 1988 i Seoul vann Wodars 800-meteren, med Wachtel på andreplass.

Wodars tok si tredje straks gullmedalje då ho vann 800 m ved EM 1990 i Split, og enno ein gong med Wachtel på plassen bak.

Etter skils- og giftarmål konkurrerte ho som Sigrun Grau i VM i 1991 og OL i 1992, utan suksess. Ho la opp som aktiv utøvar i 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje – 1.57,42, bakom Nadezjda Olizarenko (1.57,15)
  • VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 1.55,26, framom Christine Wachtel (1.55,32)
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedalje – 1.56,10, framom Christine Wachtel (1.56,64)
  • EM 1990 i Split: Gullmedalje – 1.55,87, framom Christine Wachtel (1.56,11)
  • VM 1991 i Tokyo: Braut semifinalen (nr 16)
  • OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane (nr 11 – 2.00,91)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]