Nadezjda Olizarenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nadezjda Olizarenko
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 28. november 1953
Brjansk
Død

18. februar 2017 (63 år)
Odesa

Yrke mellomdistanseløpar
Høgd 165 centimeter
Ektefelle Sergej Olizarenko

Nadezjda Fjodorovna Olizarenko (fødd Nadezjda Fjodorovna Musjta28. november 195318. februar 2017) var ein russisk friidrettsutøvar frå Brjansk som representerte Sovjetunionen. Ho tevla jamnast på mellomdistansane, men deltok også på 400 meter. Høgdepunktet var OL 1980 i Moskva der ho vann gullet på 800 meter med tida 1.53,43. Dette var ny verdsrekord, og er den nest beste tida på verdsstatistikken, bak Jarmila Kratochvílová si rekordnotering. I 1986 vart Olizarenko europameister på 800 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nadezjda Musjta vart slått på målstreken då ho meisterskapsdebuterte på 800 m under friidretts-EM 1978 i Praha. Hennar eiga landskvinne Tatjana Providokhina vann løpet, to hundredels sekund føre Musjta. Begge dei to sprang så etappar for Sovjetunionen sitt lag i 4 x 400 m stafett, eit lag som vart slått med 1,3 sekund av Aust-Tyskland og fekk sølv. Året etter vann Musjta 800 m under universiaden i Mexico-byen og kom på andreplass i verdscupen i Montreal.

Den 12. juni 1980 sette ho i Moskva, no som Nadezjda Olizarenko, ny verdsrekord på 800 meter med tida 1,54,85. Vel seks veker seinare og på same arenaen, forbetra ho verdsrekorden til 1.53,43 og vart olympisk meister, med landskvinnene Olga Minejeva, 1.54,81, og Tatjana Providokhina, 1.55,46 på dei andre medaljeplassane. Ho deltok også på 1500-meteren i leikane, der ho tok bronsen bak landskvinna Tatjana Kazankina og Aust-Tysklands Christiane Wartenberg.

Etter nokre sesongar på sidelinja vart Olizarenko i 1985 nummer to på 800 m ved innandørs-EM 1985 i Pireus og ho kom på tredjeplass i verdscupen i Canberra.

Under europameisterskapen 1986 i Stuttgart sigra Olizarenko på 800 m, 0,27 sekund framom den austtyske toppløparen Sigrun Wodars. Året etter enda ho på sjuandeplass i VM, medan ho i 1988 tok farvel med toppidretten då ho rauk ut or Sommar-OL i semifinalane på 800 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Sølvmedaljar på 800 m – 1.55,82, og i 4 x 400 m stafett
  • OL 1980 i Moskva: Gull på 800 m – 1.53,43, bronse på 1500 m – 3.59,5
  • EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje på 800 m – 1.57,15, framom Sigrun Wodars (1.57,42)
  • VM 1987 i Roma: Nr 7 – 2.00,2
  • OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane (2.05,2 =nr16)

Olizarenko døydde i Odessa i Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]