Christine Wachtel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christine Wachtel


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 6. januar 1965 (59 år)
Altentreptow
Idrett 800 meter, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Christine Wachtel (fødd 6. januar 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Mecklenburg-Vorpommern som tok sølvmedaljen på 800 meter både i VM 1987, OL 1988 og EM 1990, alle gongane bakom landskvinna Sigrun Wodars. Wachtel tevla for Aust-Tyskland til 1990, sidan 1991 for det samla Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wachtel vann 800 meter ved innandørs-VM 1987 på tida 2.01,32. Under verdsmeisterskapen i friidrett 1987 i Roma presterte ho sitt livs kjappaste 800 meter då ho vart klokka i mål til sølvmedalje på 1.55,32, hårfint bak landskvinna Sigrun Wodars. Ved innandørs-EM 1988 vann Wachtel derimot distansen føre Wodars.

Wachtel gjorde eit framifrå løp på 1.56,64 i OL-finalen og tok sølv på då sommarleikane 1988 gjekk av stabelen i Seoul, atter ein gong vann Wodars den gjæve gullmedaljen. Ved innandørs-EM 1989 i Budapest sigra Wachtel på tida 1.59,24. Under europameisterskapen 1990 i Split måtte Wachtel for tredje gong ta til takke med sølv bak Wodars, med sluttida 1.56,11 kom ho i mål 0,24 sekund etter vinnaren.

Ved innandørs-VM 1991 vann Wachtel spesialdistansen for tredje gong i rad, tid 2.01,51. Under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo enda ho med 1.58,90 på sjetteplass på 800 meter. Seinare i meisterskapen fekk ho bronse med Tyskland i 4 x 400 meter stafett, mannskapa frå Sovjetunionen og USA forsynte seg med gull og sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986 i Stuttgart: Nr 8 på 800 m – 2.00,02
  • VM 1987 i Roma: Sølvmedalje på 800 m – 1.55,32, bakom Sigrun Wodars (1.55,26)
  • OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje på 800 m – 1.56,64, bakom Sigrun Wodars (1.56,10)
  • EM 1990 i Split: Sølvmedalje på 800 m– 1.56,11, bakom Sigrun Wodars (1.55,87)
  • VM 1991 i Tokyo: Nr 6 på 800 m – 1.58,90. Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett (3.21,2).
  • OL 1992 i Barcelona: Utslått i forsøket på 800 m (2.01,39=nr 18)
  • VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane på 800 m (1.59,86=nr 11)
  • EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 800 m (2.01,84=nr 11)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]