Sigtuna kommun
Utsjånad
| Sigtuna kommun | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Stockholms län | ||
| Landskap | Uppland | ||
| Centralort | Märsta | ||
| Areal | 349,74 km² | ||
| • land | 327,4 km² | ||
| • vatn | 22,34 km² | ||
| Folketal | 39 449 | ||
| Folketettleik | 110 / km² | ||
![]() Sigtuna kommun 59°38′00″N 17°53′00″E / 59.633333333333°N 17.883333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Sigtuna Municipality | |||
| Nettstad: www.sigtuna.se | |||
Sigtuna (Sigtuna kommun) er ein kommune i Stockholms län i Sverige. Folketalet er 39 449. Administrasjonssenteret i kommunen er Märsta. Tidlegare var Märsta eigen kommune, men er samanslått med Sigtuna i nyare tid. Kommunen rommar god jordbruksmark i det austlege innlandet austom vika Skarven i innsjøen Mälaren, omtrent midt mellom storbyene Stockholm og Uppsala. I kommunen ligg Arlanda lufthamn – Stockholms hovudflyplass i nord.
Gjennom kommunen går nord-sør hovudvegen E4 og jernbanelinje mellom Stockholm og Uppsala, med eige sidespor til Arlanda.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Sigtuna kommune har tre tettstader. Innbyggjartalet i tabellen er per 31. desember 2005.
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Märsta | 22 548 |
| 2. | Sigtuna | 7 204 |
| 3. | Rosersberg | 1 641 |

