Ekerö kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ekerö kommun
kommune
Ekero centrum 2008.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Stockholms län
Landskap Uppland
Centralort Ekerö
Areal 383,61 km²
 - land 217,68 km²
 - vatn 165,93 km²
Folketal 25 697
Folketettleik 119 / km²
Ekerö Municipality in Stockholm County.png
Wikimedia Commons: Ekerö Municipality
Nettstad: www.ekero.se

Ekerö kommun er ein kommune i Stockholms län i Sverige, samansett av 140 øyar i innsjøen Mälaren vest, sør og nord for Stockholm. Mellom dei største øyane er Ekerön, Färingsö, Lovön, Adelsö (med Hovgården med førhistoriske gravfelt, tingplass, runestein, der det er gjort over 3000 arkeologiske funn), Björkö (der handelsstaden Birka låg i vikingtida), Helgö (med ein handelsplass og busetnad som var forløpar til Birka) og Munsö. Kommunen har 25500 innbuarar.

Kommunesenteret (centralort) er tettstaden Ekerö på Ekerön.