Sigurd Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigurd Astrup
none
Fødd 1873
Død 1949
Nasjonalitet Noreg
Parti Høgre
Yrke forretningsmann
Verv Stortingsrepresentant
 - periode 1925–1927
 - valkrins Oslo

Sigurd Astrup (fødd 6. august 1873 i Christiania, død 1949) var ein norsk forretningsmann og politikar, medlem av Høgre. Eivind Astrup og Thorvald Astrup var brørne hans. Han var oldefar til politikaren Nikolai E. Astrup.

Sigurd Astrup var medeigar i familieselskapet Astrup & Søn frå 1907, eineiegar frå 1914. Han var i mange år direktør og styremedlem i Den norske Creditbank, med styreverv i ei rad forsikringsselskap. Han var elles formann i Norske Selskab, Norges Standardiseringsforbund og Norges Handelsstands Forbund.

Astrup var stortingsrepresentant for Oslo og partiet Høgre i perioden 1925–27, med sete i Finanskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]