Nikolai E. Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolai E. Astrup

Fødd12. juni 1978 (45 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedLondon School of Economics
Berg videregående skole
FarEivind Astrup
VervNorsk kommunalminister
24. januar 2020–
14. oktober 2021
FøregangarMonica Mæland
VervNorsk digitaliseringsminister
22. januar 2019–24. januar 2020
EtterfylgjarLinda Hofstad Helleland
VervNorsk utviklingsminister
17. januar 2018–22. januar 2019
FøregangarHeikki Holmås
EtterfylgjarDag Inge Ulstein
VervStortingsrepresentant 2009– i dag
Alle verv

Nikolai Eivindssøn Astrup (fødd 12. juni 1978 i Oslo) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var digitaliseringsminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019, og kommunal- og moderniseringsminister frå 24. januar 2020.[1] Før dette var han utviklingsminister i den same regjeringa.[2]

Han har vore vald inn på Stortinget frå Oslo sidan 2009, og er også nestleiar i Oslo Høgre frå 2008. Astrup er medlem i Stortingets energi- og miljøkomité, og er Høgres talsmann for desse sakene. Han er dessutan engasjert i EU-saka, og er leiar i Høgres EU-utval.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Astrup er son av forretningsmannen Eivind Astrup (fødd 1945)[3] og Vibeke Mortensen (født 1947), og ber namnet til faren som patronymikon. Nikolai Astrup gjekk ved Voksen skole 1985–1991 og Hovseter ungdomsskole 1991–1994. Han gjekk på skole i Sveits 1994–1995, og gjekk deretter IB ved Berg VGS 1995–1997. Han har bachelor i internasjonale forhold frå 2000, og master i europeisk politikk og styring frå 2005, begge frå London School of Economics and Political Science.

Astrup var praktikant hjå Verdsorganisasjonen for helse i 1999, var konsulent i strategi og forretningsutvikling hjå Arkwright 2000–2002, og var vitskapleg assistent ved London School of Economics and Political Science 2005–2006. Ansvarleg redaktør i tidsskriftet Minerva 2001–2008.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Astrup var leiar i Oslo Unge Høgre 2002–2004, og som leiar der skreiv han boka Velferd etter velferdsstaten saman med Torbjørn Røe Isaksen i 2004. Medlem av Studentparlamentet i Oslo 2002–2003. Politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre 2006–2008, i tillegg til ein periode som byrådssekretær for dåverande byrådsleiar Erling Lae

Astrup har mellom anna markert seg i debatten rundt norsk narkotikapolitikk. I 2003 foreslo han at Noreg skulle dele ut heroin til 600 narkomane i Oslo, etter modell frå me.a. Nederland og Sveits.[4] Av argumenta til Astrup var at dette kunne føre til ein nedgang i prostitusjonen i Oslo,[5][6] og at det var liten eller ingen forskjell på å dele ut heroin og metadon.[7] Astrup har også gått inn for å endre sosialtenesteloven slik at ein kan yte sosialhjelp i heimkommunen til ein person, for å unngå tilstrømming av narkomane til Oslo.[3]

Astrup vart nestleiar i Oslo Høgre i 2008, og same år også leiar i Høgres EU-utval. Han var 4. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, men vart i 2009 nominert som 4. kandidaten til Høgre, og vart vald inn på fast mandat. Dette skjedde etter ein høvesvis mykje omtalt nominasjonsrunde der Inge Lønning i tur tapte ny nominasjon mot Michael Tetzschner på 3. plass og Astrup på 4. plass.[8] Ein annan utfordrar til plassen Astrup har på lista var Afshan Rafiq.

På Stortinget er Astrup, forutan å vere medlem av Energi- og miljøkomiteen og talsmannen til partiet for desse sakene, varamedlem av Stortingets delegasjon til parlamentarikarkomiteane i EFTA og EØS.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  2. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 19. januar 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Vil sende narkomane hjem», Verdens Gang, 6. oktober 2002
  4. «Unge Høyre-leder – vil ha gratis heroin», Verdens Gang, 28. april 2003
  5. «Oslo Unge Venstre oppfordrer prostituerte – Flytt til Karl Johan!», Aftenposten Aften, 23. februar 2004
  6. «Dobbeltmoralsk», Dagsavisen, 19. februar 2004
  7. «Utdeling av heroin som behandlingstilbud». Liberaleren. 10. juni 2004. Henta 27. mars 2008. 
  8. Stine Barstad og Halvor Hegtun (1. september 2009). «Inge Lønning vraket». Aftenposten. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]