Siméon Denis Poisson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Siméon Denis Poisson

Siméon Denis Poisson (21. juni 178125. april 1840) var ein fransk matematikar og fysikar. Han gjorde ei rekkje viktige oppdagingar i matematikk, og han har fått fleire teoriar kalla opp etter seg.

Oppvekst og skulegang[endre | endre wikiteksten]

Faren til Siméon Denis var tidlegare soldat, og då den franske revolusjonen braut ut i 1789 var han ein ivrig støttespelar for dei nye politiske tankane. Etter revolusjonen vart faren president i Pithiviers-distriktet, om lag 80 km sør for Paris, og frå denne stillinga fekk han høvet til å leggje tilhøva til rette for at sonen skulle få ei sikker framtid.

Det var ynskjet til foreldra at Siméon Denis skulle studere medisin og bli kirurg. Siméon Denis hadde ein onkel i Fountainebleu som var kirurg, og han vart sendt dit som lærling. Sjølv om han var eit talentfullt barn vart det snart klårt at han korkje hadde interesse eller eigenskapar som passa for eit slikt yrke.

I 1796 vart han sendt tilbake til Fountainebleu, men denne gongen for å studere ved École Centrale. Her vart det snart klårt at han hadde eit stort talent i matematikk. Lærarane hans i Fountainebleu var så imponert over evnene hans at dei overtalte han til å freiste seg på opptaksprøva ved École Polytechnique i Paris. Sjølv om Poisson hadde langt mindre formell utdanning enn dei andre som tok denne opptaksprøva, enda han opp som bestemann.

Student og professor ved École Polytechnique[endre | endre wikiteksten]

I 1798 starta Poisson studia i matematikk ved École Polytechnique, og han fann seg snart til rette med studia. Matematikklærarane hans var Lagrange og Laplace, og dei såg snart kva for eit talent han hadde. Då han var 18 år, skreiv Poisson ein artikkel som var så god at den vakte merksemda til Legendre, som òg var ein av dei store matematikarane i Frankrike på denne tida.

Det siste året Poisson var student ved École Polytechnique skreiv han ein artikkel om likningsteori, og denne var så god at han fekk avslutte studia i 1800 utan å ta avsluttande eksamen. I 1802 vart han tilsett ved École Polytechnique, og i 1806 overtok han det professoratet som Fourier hadde hatt inntil han vart sendt til Napoleon i Grenoble.

I 1808 vart Poisson astronom ved Bureau des Longitudes, i tillegg til det professoratet han hadde ved École Polytechnique, og i løpet av dei to neste åra leverte han tre viktige artiklar til det franske vitskapsakademiet.

I tillegg til forsking og undervising, spelte Poisson etter kvart òg ei viktig rolle i organiseringa av matematikken i Frankrike. Sjølv gjorde han ei rekkje viktige oppdagingar på fleire område innanfor bruksmatematikk. I 1817 gifta han seg med Nancy de Bardi, men dei nye krava som familielivet stilte la ingen dempar på arbeidslysten hans. I løpet av karrieren sin leverte han mellom 300 og 400 matematiske arbeid, og namnet hans er forbunde med fleire sentrale teoriar i matematikken.

Prisar og medaljar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Poisson - MacTutor History of Mathematics archive

Kjelder[endre | endre wikiteksten]