Simonyspitze
Simonyspitze | |||
fjell | |||
Brekledde Simonyspitze, med Gubachspitze til venstre
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 473 moh. | ||
Primærfaktor | 102 m | ||
Førstestiging | 1871 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Simonyspitze | |||
Wikimedia Commons: Simonyspitzen | |||
Simonyspitze er eit 3 473 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom forbundslanda Tirol og Salzburg i Austerrike.
Namnet fekk fjellet på eit møte i Oesterreichischen Alpenverein den 15. mars 1865 etter eit framlegg frå kartografen Franz Keil. Slik ynskte han å heidre geografen og alpeforskaren Friedrich Simony. Fjelltoppen vart bestige fyrste gongen 28. juli 1871 av fjellklatraren Theodor Harpprecht frå Stuttgart og fjellføraren Josef Schnell.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Simonyspitze» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2014.