Sint-Gorik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Brussel frå 1837, med nord om lag til høgre. Sint-Goriksøya er avmerka i raudt, børsen i Brussel ved sida av i grønt.

Sint-Gorik eller Saint-Géry er ei tidlegare elveøy som danna grunnlaget for utviklinga av byen Brussel. Ho opphøyrde å finnast som øy då elva Zenne blei bygd over rundt 1870. Den tidlegare øya blei dekt av bygningar, bulevardar og ein open plass, Sint-Goriksplein eller Place Saint-Géry.[1] Ho skal ein gong ha vore dekt av irisar, og denne blomen blei seinare eit symbol på Brussel.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sint-Goriksøya var den største øya i Zenne. Ho blei også kalla Groot Eiland, 'Storøya'. Helgennamnet fekk ho etter den romerske biskopen Gaugericus, som etter tradisjonen skipa eit kapell og ein landsby her på 500-talet.[2] Frankiske kongar brukte henne som ein av fleire tilhaldsstadar frå 700-talet av.[2] I 979 reiste Karl av Nedre Lorraine ein festning og eit kapell tileigna Gaugericus her.[3]

På 1100-talet fanst det fleire vassmøller på øya som spelte ei viktig rolle i byen sin økonomiske vekst.[4] Ei rekkje fiskehandlarar heldt fisk her i tankar som dei henta nytt vant til frå elva.[5] Fisk var særs viktige i den katolske byen, ettersom fastereglane frå kyrkja blei nøye følgde. Fiskeindustrien gjekk tilbake under den industrielle revolusjonen, då avfall frå garving, farging og annan industri ureina elvevatnet slik at det ikkje lenger kunne brukast til levande fisk.[6]

Sint-Goriksmarkt.

Den gamle mellomalderkyrkja blei erstatta av ei ny, større kyrkje i seingotisk stil som blei oppført frå 1520 til om lag 1564. Ho blei riven rundt 1800, då Brussel var under fransk revolusjonsstyre, og erstatta av ein stor firkanta plass som blei brukt som marknadsplass. Ei fontene frå Grimbergen kloster blei flytta hit og står no inne i marknadshallen Sint-Goriksmarkt.[3]

Zenne blei bygd over i Brussel rundt 1870, opphøyrde Sint-Gorik å vera ei øy. Gamle vegar som Groot Eiland, Borgwal/Borgval og Karperbrug blei utvida og det blei bygd nye vegar, som Pletinckxstraat og Jules Van Praet. Anspach boulevard/Anspachplaan blei lagt langs den tidlegare austsida av øya. Den opne marknaden blei erstatta av ein marknadshall i flamsk nyrenessansestil som stod ferdig i 1882, Halles Saint-Géry/Sint-Goriksmarkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Brussels Town Hall». The Belgian Monarchy. Arkivert frå originalen September 27, 2007. Henta November 3, 2007. 
  2. 2,0 2,1 Gilliat-Smith, E. (1908), «Brussels», The Catholic Encyclopedia, New York: Robert Appleton Company 
  3. 3,0 3,1 Sint-Goriksplein (place Saint-Géry) - Brussel Vijfhoek, henta 6. april 2016 
  4. Deligne 15
  5. Deligne 29
  6. Deligne 9