Sir Abu Nu’ayr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°13′N 54°13′E
Sir Abu Nu’ayr
arabisk أبو صير نعير
øy
Sir Abu Nu’ayr ESC large ISS006 ISS006-E-32078.JPG
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Sharjah
Stad Persiabukta
 - høgd 81 moh. [1]
 - koordinatar 25°13′N 54°13′E
Lengd 4,25 km [2]
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg

Sir Abu Nu’ayr (arabisk أبو صير نعير, òg skrive Sir Abu Neir, Sir Bu Nair eller Sir Bu Nuair) er ei øy i Persiabukta. Ho ligg 65 km[3] utafor kysten av Dei sameinte arabiske emirata, kring 80 km nord for Abu Dhabi, og 103 km vest for Dubai. Ho høyrer til emiratet Sharjah.[4][5][6]

Sir Abu Nu’ayr er nesten heilt rundt med ein diameter på fire kilometer, og ei 1 km lang forlenging i søraust, slik at ho har form som ein drope.[7]

Øya har ei lita hamn og ein flyplass.[8] Begge ligg søraust på øya.

Crescent Petroleum har konsesjon på oljeboring i Sir Abu Nu’ayr-området.[9] Nordaust for øya ligg Fateh-feltet, i nord Sirriøya i Iran og i vest rike olje- og gassfelt som høyrer til Abu Dhabi.

Øya er eit verneområde[10][11] og har blitt registrert på lista over våtmarksområde som er internasjonalt viktige under Ramsarkonvensjonen,[12][13] og vart i 2012 oppført som ein potensiell verdsarvstad av UNESCO.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vegetation of Offshore Islands in the Gulf». Enhg3.4t.com. Henta 6. juni 2016. 
  2. «Vegetation of Offshore Islands in the Gulf». Enhg3.4t.com. Henta 6. juni 2016. 
  3. «Mega Projects That will Shape Emirates Future». MoneyShow.com. 9. oktober 2013. Henta 6. juni 2016. 
  4. Peter Hellyer; Simon Aspinall; Environment Agency -- Abu Dhabi (January 2005). The Emirates: a natural history. Trident Press. ISBN 978-1-905486-02-1. 
  5. Oxford Business Group (2008). The Report: Sharjah 2008. Oxford Business Group. s. 10–. ISBN 978-1-902339-02-3. 
  6. «Welcome to». Buzzdubai.com. Henta 6. juni 2016. 
  7. «Wildlife paradise on Sir Bu Nair island | The National». Thenational.ae. 23. mai 2011. Henta 6. juni 2016. 
  8. «Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | ICAO, IATA codes, location of airports of Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | latitude, longtitude airports of Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | coordinates of airports of Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE) | International codes and coordinates of all airports in the world | International codes and coordinates of all airports in Airport codes Sir Abu Nair, Dei sameinte arabiske emirata (AE)». Airportsbase.org. Henta 6. juni 2016. 
  9. «Sir Abu Nu'ayr Concession | Select Projects | Crescent Petroleum». Crescent.ae. Henta 6. juni 2016. 
  10. «Business - Shurooq unveils Sir Bu Nuair Island project». Khaleejtimes.com. 8. mai 2013. Henta 6. juni 2016. 
  11. Zabara, Manar (5. april 2001). «Oil slick threatens protected island near Sharjah | GulfNews.com». M.gulfnews.com. Henta 6. juni 2016. 
  12. «Sir Bu Nuair Island registered as international wetland». GulfNews.com. 20. desember 2013. Henta 6. juni 2016. 
  13. «Sharjah’s Sir Bu Nair Island added to global list of protected areas | The National». Thenational.ae. 18. desember 2013. Henta 6. juni 2016. 
  14. UNESCO World Heritage Centre (30. januar 2012). «Sir Bu Nair Island - UNESCO World Heritage Centre». Whc.unesco.org. Henta 6. juni 2016.