Sissel Grottenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sissel Sofie Grottenberg (fødd 17. august 1956) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Sarpsborg. Perioden 1988-91 vart ho noregsmeister på bane fire gongar; ein gong på 1500 meter, to på 3000 m, i 1990 også på 5000 m. Åra 1989-92 vann ho NM i halvmaraton, så langt tilbake som i 1981 sigra ho i NM i maraton. Grottenberg var medlem i Sarpsborg IL til 1986, sidan 1987 i Heimdal IF.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Grottenberg vart nummer tre i såvel Tokyo maraton 1979, som i Boston maraton 1984 og Berlin maraton 1987. I Berlin sette ho personleg bestenotering med tida 2.32.57. Innom fire døgn i august 1986 presterte ho bestetider på 5000 meter med 16.08,4 og på 3000 m med 9.08,3. 4. juli 1987 sette ho personbeste på 10000 m med 32.54,8. Nær nøyaktig året etter sprang ho på Bislett stadion i Oslo inn til personleg rekord på 1500 m på tida 4.12,3.

Grottenberg sikra seg 12 NM-medaljar (4-5-3) under hovudmeisterskap i friidrett. Ho vann i 1988 1500-meteren, i 1990 både 3000 m og 5000 m og i 1991 3000 m. Grottenbergs beste internasjonale meisterskapsprestasjon var ein sjuandeplass i maraton under EM i friidrett 1990. Seinare vann ho Frankfurt maraton 1993 og Wien maraton 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]