Sjahu av Marathariket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjahu
Copy of Shahu (3).jpg
Regjeringstid1707-1749
ReligionHinduismen
Fødd18. mai 1682
FødestadMangaon
Død1749
Satara
FøregjengarTarabai
EtterfølgjarRadjaram II
FarSambhadji
MorJesubai

Sjahu Sambhadji Radje Bhosale eller Sjahudji (18. mai 16821749) var den fjerde keisaren av Marathariket, som var blitt grunnlagd av bestefar hans, tsjhatrapati Shivadji. Han var son av Sambhadji, den andre tsjhatrapatien.

Sjahu var offisielt radja (konge) av Satara i noverande Maharashtra i India. Etter fangenskap hjå mogulane og ein borgarkrig vann han marathatrona i 1707, og herska i over førti år.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sjahu blei fødd under Dekkankrigane mellom Mogul- og Marathariket. Då han var sju blei han og foreldra tekne av mogulhæren. Faren Sambhadji blei seinare avretta av stormogul Aurangzeb. Sjahu og mora blei haldne i fangenskap i nær tjue år.[2]

Etter at Aurangzeb døydde i 1707 blei Sjahu sleppt fri, medan mora var igjen som gissel for god oppførsel. Ho blei først frigjort i 1719, då marathaene var mektige nok. I mellomtida hadde onkelen hans Radjaram leia Marathariket. Då Sjahu gjorde krav på trona kom han i konflikt med enkja etter Radjaram, Tarabi, og sonen deira Sjivadji II. Desse hadde base i Kolhapur medan Sjahu hadde base i Satara.

Sjahu hadde støtte mot Tarabi frå den neste stormogulen, Bahadur Sjah og generalen hans Zulfiqar Khan som leiar for ein vasallstat. Innanfor riket sitt hadde han dyktige støttespelarar i Dhanadji Djadhav, sardaren Khanderao Dabhade som blei øvstkommanderande i hæren, og pesjvaen eller førsteministeren Baladji Visjvanath.

Det var under Sjahu sitt styre at Marathariket voks til å bli den største staten i India. Han sentraliserte makta att etter at lokale adelsfolk hadde blitt mektige under Dekkankrigane. Han utnemnde mange dyktige folk frå ulike bakgrunnar til å styra riket, og skipa det mektige pesjva-embetet som kom til å ta over mykje av styringa av riket. I tillegg til Baladji Visjvanath var Bahirodji Pingale, Badjirao og Nanasaheb pesjvaer under han.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Shahuji hadde fire koner, og fekk to søner og fire døtrer. Han adopterte også to sønrer. Den eine av desse etterfølgde han som Radjaram II.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Social change among Balijas: majority community of Andhra Pradesh». Study. Henta 2011-06-24.  |first1= missing |last1= in Authors list (hjelp)
  2. Robinson, Howard; James Thomson Shotwell (1922). "Mogul Empire and the Marathas". The Development of the British Empire. Houghton Mifflin. p. 106-132.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]