Baladji Visjvanath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baladji Visjvanath Bhat
Peshwa Balaji Vishwanath.jpg
Pesjva av Marathariket
Regjeringstid17. november 1713–12. april 1720
Fullt namnPantpradhan Shrimant Balaji (Ballal) Vishwanath Bhat Peshwa
ReligionHinduismen
Fødd1680
FødestadShrivardhan i Konkan
Død1720
DødsstadSaswad i Maharashtra
MorUkjend
FarVisjvanathpant (Visadji) Bhat
EktefelleRadhabai
BarnBaji Rao I, Chimaji Appa
HusBhat
DynastiBhat-dynastiet
FarVisjvanathpant (Visadji) Bhat
MorUkjend
FøregangarParshuram Trimbak Kulkarni
EtterfølgjarBadjirao I

Baladji Visjvanath, engelsk skrivemåte Balaji Vishwanath (1. januar 16802. april 1720), var pesjva (ein slags førsteminister) i Marathariket. Han hjelpte marathaherskaren Sjahu å festa grepet sitt om riket og betra stillinga si kraftig i høve til Mogulriket, og er blitt kalla den andre grunnleggjaren av Marathariket etter Sjivadji. Baladji grunnla sitt eige mektige pesjva-dynasti, og då han døydde i 1721 etterfølgde sonen Badjirao han i stillinga.

Baladji Visjvanath var chitpavan-brahmin og byrja karrieren sin i ei lågare administrativ stilling. Han steig i gradane til han enda opp som øvstkommanderande i hæren til Sjahu i 1711, og 16. november 1713 blei han utnemnd til pesjva. Han oppnådde økonomisk støtte frå bankfolk og rå makt frå grupper av marathakrigarar, og gjeninnførte lov og orden etter år med uro. Politisk spelte han ei viktig rolle ved å overtala leiande adelsfolk til å støtta Sjahu som leiar for Marathiriket heller enn rivalen Tarabai. Han byrja med å overtala den dåverande herren sin, Dhanadji Djadhav, til å gå over frå Tarabai sin hær til Sjahu etter å ha blitt send for å møta han. Sonen og arvingen til Dhanadji, Tsjandrasen, var ein bitter rival, og forfølge Baladji til Purandar og Pandavgad. Etter at Sjahu hadde eskortert Baladji til hovudstden sin Satara og bode Tsjandrasen om å koma med klagen sin mot han framfor han, gjekk Tsjandrasen over til Tarabai si side att. Dermed mista Sjahu mange krigarar, men Baladji klarte å samla ein ny hær for hans sak. Som hærførar erobra han det meste av Konkankysen. I 1712 velta han Tarabai og sonsen hennar Sjivadji II då han fekk Radjasbai, den andre enkja etter den tidlegare kongen Radjaram, til å krevja trona av Kolhapur for sin son, Sambhadji. Gjennom dette blei Kolhapur underlagd Sjahu. I 1713 overtalte Baladji den hærføraren Kanhodji Angre, som hadde teke den dåverande pesjvaen til fange, til å gå over til Sjahu si side, Med makta herskaren hadde overført til han gjera Kanhodji til leiar for sjøvåpenet. Dei to gjekk saman om å ta over gamle marathaområde frå dei muslimske, mogulvennlege siddiane, og Kanhodji blei ein trugen tenar av Sjahu. Herskaren var svært nøgd med arbeidet til Baladji, og utnemnde han til ny pesjva 16. november 1713.

I mellomtida var Mogulriket råka av indre strid knytt til arvefølgja etter stormogulen Aurangzeb og etterfølgjaren hans, Bahadur Sjah. Farrukhsiyar kom til makta i 1713 me hjelp frå to brør, Sayyid Hussain Ali Khan og Sayyid Abdullah Khan. Stormogulen ønskte å kvitta seg med dei mektige sayyidane, og sende Hussain Ali Khan som visekonge til Dekkan for å gjenvinna makta der for mogulane. Samstundes bad han lokale marathaleiarar om å angripa han.

I juli 1718 forhandla visekongen fram ein avtale med Baladji som gav Marathariket tilbake det meste av territoria deira, inntekter frå skattane tsjauth (25 % av inntektene) og sardesmukhi (10 % til), og dei fengsla familiemedlemmene til Sjahu, mot ein årleg tributt og eit bidrag på 15 000 maratharyttarar til Mogulriket. Då Farrukhsiyar nekta å gå med på avtalen og la planar om å avsetja og drepa Sayyid-brørne, vende desse seg mot han. Med marathahjelp fekk dei stormogulen avsett, blinda og fengsla, og innsette i staden Rafi-ul-darjat og seinare broren hans Rafi Ud-Daulah som stormogular. Etter ei viss tid og påtrykk frå Baladji blei avtalen godkjend og Sjahu blei rekna som den rette herskaren av Marathariket. Som takk gav marathaleiaren Baladji Lohgad-festningen og landområda rundt.

Baladji Visjvanath var gift med Rani Radhabai (fødd Barve, 1700-1752). Blant dei var den neste pesjvaen, Badjirao, som fortsette arbeidet til faren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]