Sjarlatan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pietro Longhi: Il ciarlatano, 1757

Sjarlatan er eit nedsetjande uttrykk om ein svindlar, juksemakar eller skrythals.[1] Ein sjarlatan søkjer å lura andre gjennom å gje seg sjølv, sitt arbeid, sin eigedom og så vidare - høgare verdi enn dei eigenleg har.

Etymologar meiner å kunna spora ordet tilbake til eit italiensk startpunkt. Det vert då hevda å vera ein sammendragning av italiensk ciarlare, å «skravla»; eller frå cerretano, det vil seia ein person frå Cerreto, ein landsby i området Umbria som var kjent for sine bløffmakarar.[2]

Ordet kjem til norsk frå fransk charlatan,[3] som vart brukt om seljarar av medisinar som gjerne kunne kunngjera sit nærvær med musikk og eit lite friluftsunderholdningsopptrinn. Den mest kjende av dei parisiske sjarlatanar var Tabarin (eigenleg Anthoine Girard, ca 1584–1633), som sette opp sin scene på Place Dauphine der i byen i 1618, og viste commedia dell'arte-inspirerte sketsjar og farsar, som i sin tid inspirerte Molière. Ordet kan òg sporast til spansk; charlatán, ein uvitug ordrik pratmakar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «sjarlatan» i Nynorskordboka.
  2. Charlatan. Dictionary.com
  3. Burke, Peter (1994). Popular Culture in Early Modern Europe. London: Ashgate Publishing. ISBN 1-85928-102-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]