Umbria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regione Umbria
Kart som viser plasseringa til Umbria i Italia
Hovudstad Perugia
President Maria Rita Lorenzetti
Provinsar 2
Kommunar 92
Areal 8 456 km²
 - Rangering 16. (2,8 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 867 878
 - Rangering 17. (1,5 %)
 - Tettleik 103/km²
Heimeside www.regione.umbria.it

Umbria er ein av tjue regionar i Italia. Hovudstaden er Perugia. Regionen har eit areal på 8 456 km² og om lag 900 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsar i Umbria

Umbria er ein region sentralt i Italia og grensar til Toscana i vest, Marche i aust og Lazio i sør. Regionen er stort sett ås- eller fjellendt og er dominert av Appenninane i aust, der det høgaste punktet i regionen er Monte Vettore på grensa til Marche (2 476 moh), og Tiberdalen i vest, der det lågaste punktet i regionen ligg ved Attigliano (96 moh).

Umbria er delt inn i to provinsar:

Tiber følgjer meir eller mindre grensa til Lazio, men ein del av elva nord for kjelda i Toscana ligg i Umbria. Elva har på dette stadiet ustadig vassføring så få byar ligg ved elva her. Tre av sideelvane til Tiber har derimot vore viktigare for Umbria. Det meste av Chiascio renn gjennom stort sett tynt folkesette området fram til Bastia Umbra og om lag 10 km seinare munnar ho ut i Tiber ved Torgiano. Topino renn gjennom Appenninane og i antikken gjekk vegen Via Flaminia langs elva og over fjellet. Ho gjer ein skarp sving ved Foligno og renn nordvestover nokre kilometer før ho renn i hop med Chiascio nedanfor Bettona. Den tredje elva er Nera som renn ut i Tiber mykje lenger sør, ved Terni. Dalen hennar, kalla Valnerina vert av dei lokale innbyggjarane i Umbria rekna som det vakraste området i regionen. Medan Nera renn mellom ganske høge fjell, renn dei to andre ut på store sletter og i antikken bestod slettene av vidstrakte myrområde, men desse vart drenert av romarane og seinare igjen byrja benediktinarmunkar på 1200-talet på arbeidet igjen, som først stod ferdig på 1700-talet.

Panorama frå Umbria

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regionen er kalla opp etter stamma Umbri, som slo seg ned i området på 500-talet fvt.. 672 fvt. vert i følgje segna rekna som året då Terni vart grunnlagd. Umbriarane talte umbrisk, som slektar på latinsk og oskisk språk.

I tidleg italiensk historie strekte truleg Umbria seg utover store delar av Sentral- og Nord-Italia og arkeologiske funn tyder på at umbriarane grunnla kulturane Terramara og Villanova på byrjinga av bronsealderen og erstatta den opphavlege liguriske folkesetnaden frå nordaust. Frå tida dei kom til området på og retninga dei kom var umbriarane truleg i slekt med achaiarar, som var føregjengaren til grekarane.

Etruskarane var hovudfienden til Umbri og dei invaderte området frå vest mot nord og aust (frå om lag 700 til 500 fvt.) og dreiv etter kvart umbriarane mot Appenninane og erobra 300 umbriske byar. Likevel ser det ikkje ut til at alle umbriske folk forsvann frå dei erobra områda.

Etter etruskarane forsvann prøvde umbriarane å hjelpe samnittane i det avgjerande slaget deira mot romarane (308 fvt.). Dette førte til at romarane bygde ei festning ved Narni (298 fvt.), noko som førte til kommunikasjonsproblem mellom dei to folkeslaga. I det store slaget ved Sentinum (295 fvt.) hjelpte ikkje umbriarane samnittane i det heile tatt.

Spoleto, det romerske teateret

Den romerske sigeren ved Sentinum førte til at området gradvis kom inn under romerske herskarar, som oppretta nokre koloniar (t.d. Spoletium) og byde via Flaminia (220 fvt.), som gjekk gjennom området. Under den andre punarkrigen og Hannibal sin invasjo vart slaget ved Trasimene utkjempa her, men umbriarane nekta å ta imot hjelp frå han.

Under den romerske borgarkrigen mellom Marcus Antonius og Octavian (40 fvt.) valde Perugia førstnemnd si side og vart derfor nesten heilt lagd i grus av Octavian.

Den moderne regionen Umbria er ein heilt annan regionen i Italia enn regionen med same namn i romartida (sjå Romersk Umbria), som strekte seg inn i det som i dag er nordlege område av Marche til Ravenna, men utan områda ved vestbreidda av Tiber og dermed heller ikkje Perugia — som var i Etruria - og området rundt Norcia, som var i Sabine.

Etter Romarriket sitt fall kjempa austgotarar og austromarar om makta i regionen. Lombardarane grunnla hertugdømet Spoleto, som dekkar store delar av det som i dag er Umbria, og herska her frå 571 til 1200-talet. Då Karl den store erobra det meste av det lombardiske kongedømet i Italia, vart nokre av dei umbriske områda donert til paven, som tok over styringa i området. Nokre byar fekk ei form for sjølvstyre og var ofte i krig med kvarandre som følgje av den meir generelle konflikten mellom Kyrkjestaten og Det tysk-romerske riket, og mellom Welf og ghibellinarar.

1300-talet oppstod herredøma signorie, som alle gradvis vart underlagt Kyrkjestaten, som herska i området fram til slutten av 1700-talet. Etter den franske revolusjonen og erobringa av Italia vart Umbria ein del av den kortvarige romerske republikken (1789-1799) og av Det første franske riket (1809-1814). I 1860, etter Risorgimento og Piemonte si utviding, vart Umbria ein del av Kongedømet Italia.

Grensene som Umbria har i dag vart fastsett i 1927, då provinsen Terni vart oppretta og provinsen Rieti vart delt og innlemma i Lazio.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Byar i Umbria med 20 000 innbyggjarar eller meir:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Perugia 161 390
Terni 109 569
Foligno 54 381
Città di Castello 39 492
Spoleto 38 563
Gubbio 32 532
Assisi 26 196
Orvieto 20 841
Bastia Umbra 20 760
Narni 20 212

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto