Sjur T. Næss
Sjur T. Næss | |
![]() | |
Fødd | 21. september 1852 |
Død |
15. januar 1938 (85 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Sjur T. Næss på Commons |
Sjur Torleifsson Næss (21. september 1852–15. januar 1938) var ein handelsmann og gardbrukar frå Nes i Luster.
Far hans var gardbrukar var gardbrukar på Nes. Sjølv tok eksamen til underoffiser i Bergen i 1873, og var underoffiser fram til 1883. Åra 1877 til -93 var han handelsmann på Dalsøyra i Luster. Han overtok farsgarden i 1893 og dreiv han sidan. Næss var medlem av heradsstyret i Luster 1882-1925, ordførar 1898-1901, 1904-10. Han var formann i skulestyret i fem år og forlikskommissær 1897-1915. Perioden 1904-12 representerte han Luster i fylkesskulestyret.
Næss representerte 1900-03 Nordre Bergenhus amt på Stortinget og 1906-21 var han representant for einmannskrinsen Indre Sogn. I alle periodane representerte han Venstre. Han var medlem 1900-03 av militærkomiteen og 1906-09 konstitusjonskomiteen. Tida 1910-21 var han medlem av landbrukskomiteen, sekretær 1913-15 og nestformann 1916-21. Elles var han medlem av Lagtinget frå 1906 og av valkomiteen 1913-21.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Sjur T. Næss NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1852
- Døde i 1938
- Norske gardbrukarar
- Stortingsrepresentantar 1901-1903
- Stortingsrepresentantar 1907-1909
- Stortingsrepresentantar 1910-1912
- Stortingsrepresentantar 1913-1915
- Stortingsrepresentantar 1916-1918
- Stortingsrepresentantar 1919-1921
- Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Luster
- Folk frå Luster