Hopp til innhald

Skallesaum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om ledda mellom knoklane i hovudskallen. For sting som held veva saman, sjå kirurgisk sutur. For dei naturlege strukturane som finst hjå mange dyr, sjå sutur i anatomi.
Hovudskallen sett frå sida
Hovudskallen sett frå sida med fleire saumer

Ein skallesaum eller skallesutur (av latin suturae cranii) er eit fibrøst ledd som berre finst i hovudskallen, og som er samanknytt av Sharpeys fibrar. Saumane bidreg til små rørsler, som igjen betrar compliance og elastisitet i skallen. Ledda i skallen er synartrosar.[1][2] Det er vanleg at mange av knoklane i skallen ikkje er samansmelta ved fødsel. Samansmeltinga av desse knoklane blir kalla kraniosynostose.[3] Omgrepet «fontanell» blir brukt for å skildre dei resulterande blaute områda hjå foster før forbeining.[4] Posisjonen på knoklane held fram med å endra seg gjennom livet, og kan dimed vere viktig i kriminalteknikk og arkeologi. Alderdom kan føre til at saumane blir fullstendig forbeina.

Ledda mellom tennene og leddet mellom underkjeven og hovudskallen, kjeveleddet, er dei einaste ledda i hovudskallen som manglar saumer.

Liste over saumer

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste saumane er namngjevne etter knoklane dei artikulerar med, men somme har spesielle namn.

I hovudsak synleg frå sida (norma lateralis) og baksida (norma occipitalis)

[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak synleg frå framsida (norma frontalis) eller oversida (norma verticalis)

[endre | endre wikiteksten]
  • Sutura frontalis — mellom dei to pannebeina, før desse smeltar saman til ein knokkel
  • Pilsaum — langs midtlinja, mellom issebeina

I hovudsak synleg frå undersida (norma basalis) eller innsida (norma basalis interna)

[endre | endre wikiteksten]
  1. Holck, Per (6. februar 2015). «ledd». Store medisinske leksikon. Henta 2. mars 2015.
  2. «Module - Introduction to Joints». Arkivert frå originalen 2007-12-17. Henta 29. januar 2008. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  3. «kraniosynostose». Norsk Helseinformatikk, nhi.no. 30. oktober 2013. Arkivert frå originalen 2015-04-02. Henta 2. mars 2015. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  4. Holck, Per (13. februar 2009). «fontanell». Store medisinske leksikon. Henta 2. mars 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Skallesaum