Hopp til innhald

Kongsvingerbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongsvingerbanen
Kongsvinger stasjon
Info
TypeJernbane
SystemÉinspora elektrifisert bane
StatusI drift
UtgangsstasjonLillestrøm stasjon
EndestasjonCharlottenberg stasjon
Tal på stasjonar17 (13 med persontrafikk)
Drift
Opna1862
EigarBane NOR
Operatør(ar)Vy, SJ AB, Värmlandstrafik, CargoNet, Hector Rail
Type trafikkPerson, Gods
LoktyparDi. 6, Di. 8, TMY, TMZ og BR 941
Teknisk
Sporvidde1 435 mm (normalspor)
Lengde114,7 km (til riksgrensa)
Største stigningø 5 ‰ (Sørumsand–Seterstøa)
maks 13 ‰ (km 59,067 ved Årnes)
Bruer62
Tunnelaringen
Planovergangar70

Kongsvingerbanen er ein jernbane mellom Lillestrøm og Kongsvinger og vidare til svenskegrensa, der banen er knytt til Värmlandsbanan. Banen vart opna 3. oktober 1862 og elektrifisert i 1951. Strekninga frå Kongsvinger til grensa blir ofte omtalt som Grensebanen.

Banen er den eldste offentlege jernbanen i Noreg som var bygd med normalspor. Hovudbanen vart bygd med normalspor, men denne var ein privatbane fram til 1926.

Modernisering

[endre | endre wikiteksten]

Kongsvingerbanen gjennomgår ei omfattande modernisering. I 2019 blir Sørumsand stasjon bygd om.[1] Fram til 2021 blir det elektriske anlegget fornya.[2]

Tilknytting

[endre | endre wikiteksten]

Solørbanen er knytt til Kongsvingerbanen på Kongsvinger stasjon. Ved Sørumsand stasjon er det overgang til museumsbanen Urskog-Hølandsbanen. Ved Lillestrøm stasjon er Kongsvingerbanen knytt til Hovudbanen. Tidlegare tok Vestmarkabanen ved Skotterud stasjon.

Kongsvingerbanen. Kart frå 1902.