Skavøypoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fakta om Skavøypoll
Kommune: Vågsøy
Fylke: Sogn og Fjordane
Folkemengd: 335 (2004)
Postnummer: 6718

Skavøypoll er ei bygd i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho ligg på nordsida av Skavøypollen innanfor Blålid.

Bygda er ein del av poststaden Deknepollen (6718). Denne poststaden omfattar alle bygdene på fastlandet av kommunen inn til Almenning. Postkontoret er no lagt ned, men adressa vert framleis brukt. Området Deknepollen vart saman med bygda Holvik på Vågsøya bydelar i samband med opprettinga av byen Måløy. Bygda har gjeve namn til Skavøypoll Idrettslag som er idrettslaget for heile området Deknepollen.

Bygdene Skavøypoll, Kulen, Degnepoll, Trollebø, Tennebø, Blålid og Nygård har nærast vokse i hop grunna auke i busetnad. Skavøypoll er ei av desse bygdene som det er svært vanskeleg å finne noka grense for.

Skavøypoll er òg eit etternamn med om lag 20 brukarar.