Skedsmo Bygdemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°00′05″N 11°02′03″E / 60.00132°N 11.034113°E / 60.00132; 11.034113

Hovudbygninga og drengestova på Skedsmo Bygdemuseum, Huseby gård.
Huseby gård teikna i 1874 av A. B. Baar.

Skedsmo Bygdemuseum, Huseby gård er eit museum på Skedsmokorset i Skedsmo kommune, og ei avdeling under Akershusmuseet. Bygdemuseet er bygd opp med basis i den gamle garden Huseby, og har no seks bygningar: hovudbygningen, stabburet og grisehuset, som høyrde til garden opphavleg, og drengestova, smia og sagmeistarbustaden som har vorte flytt til området. Museet vart skipa i 1937 med drengestova som utstillingsbygning. I dag er hovudbygningen staden for dei fleste utstillingane, med årlege sesongutstillingar i det gamle grisehuset og mindre utstillingar i drengestova og sagmeistarbustaden.

Huseby gård har vore både storgard, prestegard og fattiggard, og har truleg røter attende til tidleg vikingtid. Namnet Huseby tyder på at høvdingane i Skedsmo hadde tilhald her, og arkeologiske granskingar på garden gjer grunn til å tru at garden har vore ein storgard i gamal tid. Garden var prestegard fram til 1883, da han vart avløyst av ein ny prestegard nærare kyrkja. Etter dette vart garden seld og drive som storgard fram til Skedsmo kommune kjøpte han i 1889 for å skipe «Fattiggaarden Store Huseby». Garden vart deretter drive som fattiggard fram til 1924, med mellom 30 og 50 personar som klientell, både kvinner, menn og born.

Garden har brent i 1760 og i 1830, men bygningane vart bygd opp att på dei same murane.

Utstillingane syner korleis folk levde i både embetsmanns-, bonde-, og arbeidarmiljøa på 1800- og 1900-talet. I hovudbygningen vert det gjort greie for dei to viktigaste periodane i soga til Huseby gård: tida som prestegard og tida som fattiggard. Ved hjelp av dramatiserte ljodspel, tablå, plansjar og 1600 historiske gjenstandar vert den rike soga til garden skildra.

Truleg har garden vore prestegard heilt sidan kong Olav Digre (Heilag-Olav) si tid, så garden har ei lang soge som prestegard. Første høgda i hovudbygningen er innreia som ein prestebustad på 1800-talet. I matstova heng portrett av den siste presten og prestefrua som budde her. Men det meste av innreiinga i første høgda vart gjort på 1970-talet med antikke møblar, bruksgjenstandar og kunstverk.

I andre høgda i hovudbygningen er det konstruerte tre rom som gjer greie for tida då Huseby Gård losjerte mellom 30 og 50 fattige. Styringa av fattiggarden er skildra ved ei framstilling av fattiggardens kontor, livet til dei fattige vert skildra ved å syne fattiglemane sin sovesal, og matreglane og kosthaldet på fattiggarden er representert ved kjøkenet. To oppstilte tablå med dokker, møbler og gjenstandar gjenskaper situasjonar frå den gamle fattiggarden, og lydspel der skodespelarar har gjeve dokkene røyst og let dei fortelje sine eigne historier, gjev liv til desse tablåa. I det ene tablået vert fattiggardsstyraren S. Steffensen grundig utspurt av tilsynskomitemedlemen Adolf H. Braanaas om pengebruken på garden; i det andre tablået er det fattiglemane «Skinnfell-Maria» og «Vesle Maren», som diskuterer von og vonløyse for dei som bur på garden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]